Ole Svensson Nysetvold () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Holtålen i Sør-Trøndelag.

Nysetvold var fødd i Holtålen, der far hans Svend Olsen var gardbrukar og lensmann. Sjølv gjekk han Klæbu seminar i 1845, men tok ikkje eksamen. I 1855 vart han gardbrukar på bruket Nysetvoll i Holtålen og dreiv dette, bortsett frå to år, 1860-62, då han budde i Tydal.

Han var ordførar i Holtålen 1858-60 og 1866-1905. I endå lenger tid var han medlem av forlikskommisjonen, 1856-60 og 1864-1905. Han var amtsrevisor i fleire år og nokre gongar var han konstituert utskiftingsformann.

Nysetvold var stortingsrepresentant frå Søndre Trondhjems amt 1874 til -79 og møtte i 1891 frå 2. juni. Han var i 1891 3. varamann. Perioden 1874-76 var han medlem av kyrkjekomiteen, 1877-79 av protokollkomiteen og i 1891 av Lagtinget og justiskomiteen.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på garden sin i Holtålen i 1912.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Holtålen