John Ugelstad () var ein norsk sivilingeniør i kjemi som blir rekna som den fremste pioneren innan polymer- og kolloidkjemi. Denne teknologien har fått stor betydning for industriell og medisinsk utvikling i Noreg og andre land. Ugelstad har mottatt ei rekke internasjonale prisar, mellom anna Kommandør av St. Olavs Orden, i tillegg til at han tok ei rekke patent. «Ugelstad-kuler», som er monodisperse plastkuler, blir omtalt som ein «genistrek» som stadig finn nye bruksområde innanfor fleire fagfelt.

Ugelstad voks opp i Trondheim. Han utdanna seg til kjemiingeniør ved Norges tekniske høgskole (NTH), der han vart uteksaminert i 1948. Han tok doktorgrad ved universitetet i Leiden, Nederland i 1955. I 1956 vart han dosent i industriell kjemi ved NTH, og professor i 1967, og her vart han verande resten av sitt yrkesaktive liv. Han arbeidde i norsk og utanlandsk industri og la grunnlaget for selskapet Dynal, som har vokse til å bli eit stort internasjonalt firma.

Kollega Per Rangnes har skrive biografien John Ugelstad - the Man Behind the Beads, som vart utgitt etter hans død i 1997, og handlar om hans faglege karriere. Delen som handlar om personen Ugelstad er skriven av Gerd Isern, journalist i Adresseavisen.

Ugelstad var gift med Viola Sommervold Ugelstad.

Bakgrunnsstoff Biografi på NTNU.no (engelsk) John Ugelstad – kunstner på sitt felt på Forsknignsradet.ravn.no Bok om Ugelstad på Forskningsradet.ravn.no John Ugelstad - for spesielt interesserte i Universitetsavisa nr. 14, 1997 (om biografien) Laboratorium oppkalt etter John Ugelstad i Universitetsavisa.no 3. november 2002

Kjelder Aschehoug og Gyldendals STORE NORSKE leksikon, 3. utgåve, 2. opplag, 1998 John Ugelstad i NBL

Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske_kjemikarar