Zyprian Svennssen Søtland () var ein norsk gardbrukar, skogspekulant og stortingsmann frå Trøgstad i Østfold.

Far hans var gardbrukar, og han tok sjølv i si tid over farsgarden og dreiv denne. Han var i fleire år medlem av heradsstyret, ordførar 1848-53 og varaordførar 1856-59. Søtland kjøpte opp mykje skog, som han selde med store tap. Også garden kom på fal. I 1867 busette han seg i Christiania, men klarte ikkje fø seg på skikkeleg vis.

Søtland var 4. representant frå Smaalenenes amt i 1857 og på omframstortinget 1858. Han var medlem av desisjonskomiteen.

Han døydde i Høland i 1890, etter å ha motteke støtte frå fattigstellet i Kristiania i lengre tid.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Ordførarar i Trøgstad Kategori:Folk frå Trøgstad