Gudbrand Eriksen Tandberg () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Norderhov i Buskerud.
Tandberg var gardbrukar på farsgarden og trelasthandlar. Han deltok i lokalt styre og stell som forlikskommissær og mykje nytta kommunemann.
Tandberg var stortingsmann for Buskerud amt 1815-16, 1824 og 1827-28, siste gongen møtte han frå 3. juli 1827 som varamann. I 1815-16 var han medlem av seks komitear, der i mellom om bondestandens næringsfridom samt komiteen om sagbruk og utskiping. Han var i 1824 medlem av komiteen om berg- og stellet, 1827 om jord- og fedrift og om bank- og pengestellet, medan han på omframstortinget 1828 var medlem av reglementskomiteen.
Han døydde på garden sin i Norderhov i 1849.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske trelasthandlarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Folk frå Ringerike