Kristian Nilssen Hervik () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Han var far til Lauritz Hervik.
Far hans var gardbrukar, og han tok sjølv over farsgarden i 1836. Han dreiv denne til 1883. Hervik var medlem av heradsstyret 1838-73, ordførar 1852-65. Elles var han forlikskommissær 1838-78 og sparebankdirektør 1841-80.
Hervik representerte Buskeruds amt på Stortinget frå 1851 til 1860. I 1851 var han medlem av justiskomite nr 1 og lovkomiteen, medan han i 1854, 1857, på omframstortinget 1858 og Stortinget 1859-60 var medlem av konstitusjonskomiteen. 2. mai 1860 vart han permittert grunna sjukdom.
Han døydde på garden sin i Modum i 1885.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Modum Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet