Peder Andersen () var ein norsk lærar, gardbrukar, emissær og stortingsmann frå Bardu i Troms.
Andersen var son av ein gardbrukar i Bardu. Han gjekk aldri på skule i barneåra, lesing og rekning lærde han seg heime. Dei fyrste øvingane i skriving og rekning skal ha foregått med kol på høvla trestykke. Han vart lærar og frå 1847 gardbrukar på Moen i Bardu.
Andersen var den fyrste ordføraren i Bardu og elles med i forlikskommisjonen. Om vintrane reiste han fleire år som emissær for indremisjonen og for heidningmisjonen. Nokre vintrar under lofotfisket var han styrar av forsamlingshuset på Kalle i Lofoten.
Både for 1868-69 og 1871-73 var han 2. representant frå Tromsø amt på Stortinget. Heile tida var han medlem av budsjettkomiteen. Andersen døydde i 1873 under stortingsopphaldet i Christiania.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Ordførarar i Bardu Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Bardu