Kristian Gundersson Fougner () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Østre Gausdal i Oppland.
Fougner tok over farsgarden Søndre Fogner i 1845 og dreiv han heilt fram til 1890. Han var medlem av heradsstyret 1848-91, 32 år var han med i formannskapet, ordførar i mange år. Medlem av forlikskommisjonen i mange år. Direktør i Gausdal sparebank.
Fougner representerte Kristians amt på Stortinget 1859-64 og 1874-76, samt perioden 1880-82. I den siste valbolken var han opphavleg 1. varamann, men møtte heile bolken i staden for avdøde Nils Trondsson Thune. Han var medlem av konstitusjonskomiteen 1859-60, 1862-63, 1874-76 og 1880-82. På omframstortinget 1864 var han medlem av komiteen om Schjelde-tollen, medlem av Lagtinget 1874-76 og 1880-82, røysterettskomiteen 1875-76 og i 1880-82 av valkomiteen.
Han var medlem av dei kongelege kommisjonane om høvesvis skogtilhøva i «Folden» i 1873, og folkeskulelova i 1884.
Fougner døydde på garden sin i Østre Gausdal i 1896.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Gausdal