Halvor Torjusson Skjerkholt () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder.

Far hans var gardbrukar i Holt. Sjølv tok han eksamen til underoffiser i Kristiansand i 1838, og stod i militær teneste til han var fanejunker. I 1840 tok han over farsgarden og dreiv den til han døydde. Han var jamt medlem av heradsstyret, ordførar i fleire år.

Skjerkholt representerte Nedenes og Robygdelagets amt på samtlege storting 1851-73. I alle år var han medlem av militærkomiteen, frå 1862 også av Lagtinget. Elles var han 1862-63 medlem av matrikkellovkomiteen og 1864 i komiteen om løn til hæren.

Han døydde på garden sin i Holt i 1874.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Holt Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Tvedestrand