Ånen Olsson Bergsager () var ein norsk lærar, kyrkjesongar og gardbrukar og stortingsmann frå Hægebostad i Vest-Agder.

Han var son til ein gardbrukar i Hægebostad. I ungdomen gjekk han nokre veker på skule i Kristiansand. Med seg heim tok han nokre lærebøker, mellom anna i språk. I 1830 vart han skulehaldar i heimbygda og kyrkjesongar ikkje lenge etter. Av den nye soknepresten til Hægebostad lærde han latin og gresk. Presten hadde håpa han skulle verte lærar i matematikk i den høgre skulen, men då Bergsager gifta seg og vart lærar i Farsund, vart det ikkje av. Sidan vart han gardbrukar på Bergsager i Lyngdal. Perioden 1840-56 var han i tillegg lærar og kyrkjesongar i Lyngdal. Han var ordførar i Lyngdal 1843-77, og hadde ei rekke kommunale verv.

Bergsager representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1848-64 og 1868-73. I 1848 var han medlem av militærkomiteen, på alle seinare storting var han medlem av bankkomiteen. Bergsager er best kjend for å ha kome med framlegget om at Noregs Bank skulle offentleggjere status kvar einaste månad, noko som vart samrøystes vedteke.

Han døydde på garden sin i Lyngdal i 1879.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Ordførarar i Lyngdal Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Hægebostad