Ask er eit mannsnamn, frå norrønt askr, treslaget ask. I norrøn gudelære var Ask og Embla dei første menneska på jorda. Ask er oftare brukt som etternamn. Spesielt folk frå ein av dei mange gardane med namnet Ask, har tatt gardsnamnet som slektsnamn.

Bruken av namnet i Noreg Namnet kom i bruk i Noreg like før førre hundreårsskifte, registrert i Bergen 1897. Folketeljinga 1910 Tidlegare på 1800-talet vart namnet ved eit par høve brukt som mellomnamn, men dette mellomnamnet kan også ha opphav i etternamnet Ask. Namnet var sidan i sporadisk bruk, mest omkring midten av 1960-åra, men frå midten av 1980-åra har populariteten auka monaleg.

I folketeljinga frå 1900 var det 1 person som hadde Ask som første fornamn I 2010 har 648 menn Ask som første fornamn.

Samtidig, i 2010, har 1262 personar Ask som etternamn.

Kjende namneberarar Litterære figurar Ask, nemnd i Yggdrasil Ask Burlefot, ein figur i romanen Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle

Sjå òg

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991 ISBN 2-521-3604-4

Kategori:mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Norske slektsnamn