Ingolf Mork () i Molde var ein norsk skihoppar, tenestemann og gardbrukar frå Molde. I unge år tevla han for Idrettslaget Hjelset-Fram, seinare for Ski- og fotballklubben Lyn. Hans største bragd var samanlagtsigeren i den tysk-austerrikske hoppveka i 1972. Likevel imponerte han meir i hoppveka året før, då han vann tre av dei fire renna. Men sidan han fall i eit av hoppa i Innsbruck enda han på andreplassen samanlagt. Han vart noregsmeister i normalbakken både i 1971 og 1972.
Mork studerte på Norges idrettshøgskole i Oslo på 1970-talet. Sidan arbeidde han mange år i kultur- og idrettsetaten i Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter han slutta i fylkeskommunen dreiv han som sauebonde på Hjelset.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1968: Nr 4 i Svenska skidspelen i Falun 1969: Nr 2 i Svenska skidspelen i Falun 1970: Nr 2 i Svenska skidspelen. Nr 9 i normalbakken under VM i Štrbské pleso. Nr 8 i den tysk-austerrikske hoppveka 1969/70 1971: Sigrar i Oberstdorf, Garmisch-Partenkirchen, Bischofshofen og Holmenkollen. Nummer 2 i den tysk-austerrikske hoppveka 1972: Vinnar av den den tysk-austerrikske hoppveka. Siger i Holmenkollen, nr 2 i Oberstdorf, nr 3 i Garmisch-Partenkirchen. Fjerdeplass i normalbakken under Vinter-OL i Sapporo
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1967: Bronsemedalje i normalbakken i Mo i Rana Ski-NM 1968: Nr 7 i storbakken i Bærum Ski-NM 1969: Bronsemedalje i storbakken på Odnes Ski-NM 1970: Sølvmedalje både i normalbakken i Trondheim og storbakken i Meldal Ski-NM 1971: Gullmedalje i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1972: Gullmedalje i normalbakken i Trondheim, sølvmedalje i storbakken på Odnes Ski-NM 1973: Nr 4 i normalbakken i Vang
Mork vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1973, samstundes med Franz Keller frå Vest-Tyskland og Einar Bergsland. Etter den sesongen la han opp.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1972 Kategori:Folk frå Molde