Svenn Ingebretsson Mossige () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Time i Rogaland. Han var far til Ingebret Svennsson Mossige.

Mossige tok over farsgarden og dreiv denne. Han var elles smed og gullsmed. I mange år var han forlikskommissær og valmann frå 1814 til -32. Han møtte på på Stortinget i 1818 og i 1830. I 1818 var han medlem av sju komitear, mellom anna budsjettkomiteen og om forlikslova.

Mossige var mellom dei som kom tidleg med i den haugianske rørsla, han praktiserte eit aktivt kristenliv heile si levetid. Han stifta eit lag for ungdom, som møttest om søndagane og der dei forbetra sine evner og kunnskapar i skriving og rekning.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på garden sin i Time i 1835.

Kjelder

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Folk frå Time