Dei 11. olympiske sommarleikane Deltakande nasjonar 50 Deltakarar 4066 (3738 menn, 328 kvinner) Øvingar 129 Opningsseremoni 1. august 1936 Avslutningsseremoni 16. august 1936 Offisielt opna av Riksførar Adolf Hitler Sommar-OL 1936 vart halde i Berlin, Tyskland. Tyskland vart klart beste nasjon. Noreg tok ein gull ved Willy Røgeberg (skyting, liggande miniatyr) , men den norske prestasjonen som best vert huska, er nok tredjeplassen i fotball ved det legendariske «Bronselaget».

Tildelinga til Berlin skjedde før nazistane kom til makta, men dei gjorde likevel sitt beste for å framheva den fascistiske ideologien sin. Mellom anna fekk tyske utøvarar anabole steoridar og ekstra testosteron for å auka konkurranseevnane sine. Leni Riefenstahl fekk i oppgåve å filma leikane, og resultatet, Olympia, vart eit typisk nazistisk propagandaverk, men var òg opphav til mange teknikkar som no er vanlege når ein filmar idrett.

For dei som var imot nazistane vart dei fire gullmedaljane vunne av afroamerikanaren Jesse Owens sett på som eit passande nederlag for ideologien om det «ariske» overmennesket, sjølv om ei historie om at Hitler nekta å gjeva han medalje ikkje er sann. I diktet «Sprinterne» nemner Nordahl Grieg Owens sin verkelege og symbolske siger.

Leikane vart lagde til Berlin i konkurranse med Barcelona. Anti-fascistar planla å leggja ein folke-olympiade, eller spartakiaden, til den spanske byen som motsvar til den i Berlin, men dette vart umogleg då Den spanske borgarkrigen braut ut.

Medaljestatistikk Dei 10 beste nasjonane (og Noreg) 50px Plass Land Gull Sølv Bronse Totalt 1 20px| Tyskland 33 26 30 89 2 20px| USA 24 20 12 56 3 20px| Ungarn 10 1 5 16 4 20px| Italia 8 9 5 22 5 20px| Finland 7 6 6 19 5 20px| Frankrike 7 6 6 19 7 20px| Sverige 6 5 9 20 8 20px| Japan 6 4 8 18 9 20px| Nederland 6 4 7 17 10 20px| Storbritannia 4 7 3 14 18 20px| Noreg 1 3 2 6

Sjå òg Friidrett under Sommar-OL 1936

Bakgrunnsstoff

United States Holocaust Memorial Museum - Online Exhibition: Nazi Olympics: Berlin 1936 United States Holocaust Memorial Museum - Library Bibliography: 1936 Olympics

Kategori:Sommar-OL 1936 Kategori:Berlin Kategori:1936 i Tyskland Kategori:Sport i 1936