Bookerprisen (engelsk namn «Booker Prize for Fiction» og «Man Booker Prize») er ein litteraturpris som vert delt ut årleg til ein roman som opphavleg er skriven på engelsk og gjeven ut i Storbritannia eller Irland.

Fram til og med 2013 gjekk prisen berre til forfattarar frå Det britiske samveldet og Irland, slik at forfattarar frå USA var utelukka. Frå 2014 har prisen vore open for alle nasjonalitetar.

Vinnaren av Man Booker Prize kan rekna med internasjonal anerkjenning og suksess, og prisen er derfor også viktig for bokhandlarbransjen. Prisen vart oppretta av bokhandlarkjeda Booker plc i 1968, og delt ut første gongen året etter. For at prisen skal ha eit framståande kjennemerke, vert jurymedlemmene utvalde blant kritikarar, forfattarar og akademikarar. Sidan 2002 er prisen også omtala som «Man Booker Prize» på bakgrunn av at prisen er sponsa av eit investeringsselskap, Man Group plc.

Vinnarar Årstal Forfattar Originaltittel Norsk tittel Land 1969 Percy Howard Newby Something to Answer For 1970 Bernice Rubens The Elected Member 1971 V.S. Naipaul In a Free State I en fri stat 1972 John Berger G. G. 1973 James Gordon Farrell The Siege of Krishnapur 1974 Nadine Gordimer The Conservationist Bevareren Stanley Middleton Holiday 1975 Ruth Prawer Jhabvala Heat and Dust Olivia 1976 David Storey Saville 1977 Paul Scott Staying On 1978 Iris Murdoch The Sea, the Sea 1979 Penelope Fitzgerald Offshore 1980 William Golding Rites of Passage Skrift på vann 1981 Salman Rushdie Midnight's Children Midnattsbarn 1982 Thomas Keneally Schindler's Ark De utvalgte, Schindlers liste 1983 J. M. Coetzee The Life and Times of Michael K Michael K : hans liv og tid 1984 Anita Brookner Hotel du Lac Hotel du Lac 1985 Keri Hulme The Bone People Margfolket 1986 Kingsley Amis The Old Devils 1987 Penelope Lively Moon Tiger Månetigeren 1988 Peter Carey Oscar & Lucinda Oscar and Lucinda 1989 Kazuo Ishiguro The Remains of the Day Resten av dagen 1990 A.S. Byatt Possession: A Romance Besettelse 1991 Ben Okri The Famished Road Den sultne veien 1992 Michael Ondaatje The English Patient Den engelske pasient Barry Unsworth Sacred Hunger 1993 Roddy Doyle Paddy Clarke Ha Ha Ha Paddy Clarke ha ha ha 1994 James Kelman How Late It Was, How Late Så seint det var, så seint 1995 Pat Barker The Ghost Road 1996 Graham Swift Last Orders Siste runde 1997 Arundhati Roy The God of Small Things Guden for små ting 1998 Ian McEwan Amsterdam Amsterdam 1999 J.M. Coetzee Disgrace Vanære 2000 Margaret Atwood The Blind Assassin Den blinde morderen 2001 Peter Carey True History of the Kelly Gang Den sanne historia om Kelly-gjengen 2002 Yann Martel Life of Pi Historien om Pi 2003 DBC Pierre Vernon God Little Vernon God Little 2004 Alan Hollinghurst The Line of Beauty Den skjønne linje 2005 John Banville The Sea Havet 2006 Kiran Desai The Inheritance of Loss Tapets barn 2007 Anne Enright The Gathering Sammenkomsten 2008 Aravind Adiga The White Tiger Hvit tiger 2009 Hilary Mantel Wolf Hall Ulvetid 2010 Howard Jacobson The Finkler Question Finklerspørsmålet 2011 Julian Barnes The Sense of an Ending Fornemmelsen for slutten 2012 Hilary Mantel Bring up the Bodies Kall fram de tiltalte 2013 Eleanor Catton The Luminaries 2014 Richard Flanagan The Narrow Road to the Deep North 2015 Marlon James A Brief History of Seven Killings 2016 Paul Beatty The Sellout 2017 George Saunders Lincoln in the Bardo

Einskilde år har det vore to vinnarar (1974 og 1992).

Bakgrunnsstoff Vinnarar og nominasjonar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bookerprisen» frå , den 1. desember 2010.

Kategori:Litteraturprisar Kategori:Britiske litteraturprisar Kategori:Skipingar i 1968