Villsau frå Norskekysten er ei beskytta geografisk nemning for kjøt av sau av rasen gammalnorsk sau.

Nemninga kan brukast om ferskt og frose kjøt frå dyr som har beita i område med kystlynghei på norskekysten. Kjøtet skal ha djup raudleg farge og god marmorering. Slaktevekta skal ligge mellom 8 og 16 kg for lam og mellom 9 og 16 kg for vaksne dyr. Dyra skal ha beita i område med 30-70 % lyng og 30-70 % gras. Sauene kan ha fått inntil 20 % av den totale årlege fôrmengda som tilleggsfôr.

Statusen som beskytta geografisk nemning inneber at det ikkje er lov å selje sau under denne nemninga, utan at han er knytt til ordninga.

alt=Villsau med lam på Bjåstad|mini|Villsau med lam på Bjåstad

«Villsau», «gammalnorsk sau», «vikingsau» og «steinaldersau» er ulike nemningar for saurasen som tradisjonelt vart bruka på norskekysten frå vikingtida og fram til en begynte å importere andre sauerasar rundt år 1900. Den gamle sauerasen overlevde fram til vår tid på Austevoll i Hordaland. Den tradisjonelle driftsforma tufta på utegangardrift nyttiggjer klimaet og vegetasjonen som på store delar av norskekysten gjer det er mogleg å halde ved lag den gamle driftsforma og halde kulturlandskapet i beiteområdet ved lag. Sauen overvintrar no som før med lynghei som hovudføde, i tillegg til gras, einer, tang og tare.

Kjelder

Forskrift om vern av Villsau frå Norskekysten som geografisk nemning (PDF) (daud lenkje) Fylkesmannen i Hordaland: Villsau frå norskekysten (daud lenkje)

Kategori:Norsk mat Kategori:Beskytta produktnemningar Kategori:Sauehald Kategori:Fårekjøt