Slaktarfuglar, Cracticinae, òg kjent som kråkevarslarar, er ein biologisk underfamilie innanfor svalestarefamilien, og dermed medlem av ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Dette er kråkeliknande fuglar med sterk kroppsbygging, utbreidd i Australia inkludert Tasmania.

mini|venstre|Svart og kvit hann av songslaktarfugl (Cracticus nigrogularis) på ein kafé i Brisbane. Skildring Fjørdrakta til desse fuglane er vanlegvis svart og kvit eller gråfarga. Nebbet er kraftig, ofte med ein liten nedbøygd krok i enden. Hos nokre artar finn ein markert kjønnsdimorfisme. Slaktarfuglar varierer i lengd frå 25 til 53 centimeter.

Slaktarfuglar er altetande og lever mest av insekt, små landlevande virveldyr, frukt og frø. Cracticus-artar, tar òg små pattedyr og fuglar som dei deler opp før dei et. Slaktarfuglar byggjer reir av kvister, tørt gras og små røter i forgreiningar på tre. Dei legg to til fem blågrøne, grågrøne eller brunflekkete egg som blir ruga i omtrent tjue dagar. Ungfuglane er flygedyktige etter fire veker i reiret. Den australske arten svartslaktarfugl, Cracticus quoyi, hekkar frå september til februar, dei andre australske artane hekkar frå august til desember.

Etter ein DNA-studie i 1985, la Sibley og Ahlquist framlegg om ein ny klade Cracticini som samla slaktarfuglar og svalestarar i Artamidae. Dette blei reflektert i IOC World Bird List frå og med 2025. Peltops-artane på Ny-Guinea var tidlegare plasserte saman med slaktarfuglar, men er no sin eigen underfamilie i svalestarefamilien.

Artsoversyn Medlemmer av Cracticinae i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Strepera Austkurrawong, Strepera graculina, Pied Currawong, (Shaw, G, 1790), (LC) Tasmankurrawong, Strepera fuliginosa, Black Currawong, (Gould, J, 1837), (LC) Sotkurrawong, Strepera versicolor, Grey Currawong, (Latham, J, 1801), (LC)

Slekt Melloria Svartslaktarfugl, Melloria quoyi, Black Butcherbird, (Lesson, RP; Garnot, P, 1827), (LC)

Slekt Gymnorhina Plystreskjor, Gymnorhina tibicen, Australian Magpie, (Latham, J, 1801), (LC)

Slekt Cracticus Svartryggslaktarfugl, Cracticus mentalis, Black-backed Butcherbird, Salvadori, AT; d'Albertis, LM, 1876, (LC) Gråryggslaktarfugl, Cracticus torquatus, Grey Butcherbird, (Latham, J, 1801), (LC) Sølvryggslaktarfugl, Cracticus argenteus, Silver-backed Butcherbird, Gould, J, 1841, (LC) Papuaslaktarfugl, Cracticus cassicus, Hooded Butcherbird, (Boddaert, P, 1783), (LC) Tagulaslaktarfugl, Cracticus louisiadensis, Tagula Butcherbird, Tristram, HB, 1889, (NT) Songslaktarfugl, Cracticus nigrogularis, Pied Butcherbird, (Gould, J, 1837), (LC)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Würgerkrähen» frå , den 25. november 2010

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svalestarefamilien Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar i den australske regionen