mini|Hundar i Femundløpet. Hundehald i Noreg omfattar hald av hund som nytte- og kjæledyr frå førhistorisk tid til det moderne samfunnet. Hundehald er i dag regulert av Hundelova, og det blir stilt krav til korleis ein skal halde hund, både i høve til velferda til dyra sjølv og i høve til andre, som ved bandtvang.

Soge mini|Same med hund som fangar reinsdyr med lasso i 1957. Ein har halde hund i Noreg sidan steinalderen. Det eldste husdyret ein har funne spor etter er hund som levde rundt 4000 f.Kr. i Vistehola ved Stavanger.

Norsk buhund er ein spisshund som truleg stammar frå hundetypen dei fyrste innvandrarane hadde med seg til Noreg. Den vesle spisshunden lundehund har også gamle aner, og stammar truleg frå buhund eller ein annan urhund. Han blei fyrst dokumentert på 1500-talet.https://www.abcnyheter.no/helse-og-livsstil/2012/12/25/164917/oppdretter-vil-redde-utrydningstruet-lundehund?redirect=true

mini|Eurasiar og sibirsk husky som badar. I 2010 fann ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå ut at 19 prosent av deltakarar hadde hund i hushaldninga si. Det var registrert kring ID-merka hundar i Noreg ved byrjinga av 2022.

Hundetypar Det er registrert rundt 250 ulike hunderasar i Noreg. Ifølgje Norsk Kennel Klub, som meiner han har oversyn over rundt 60 prosent av hundane i Noreg, var dei mest populære registrerte rasane i 2022: Border collie Golden retriever Engelsk setter Staffordshire bull terrier Labrador retriever Norsk elghund grå Cocker spaniel Finsk lapphund Schäferhund Dansk-svensk gardshund

Det finst sju nasjonale norske hunderasar, norsk buhund, norsk elghund grå, norsk elghund svart, norsk lundehund, dunker, haldenstøvar og hygenhund, der berre norsk elghund grå ikkje er rekna som utryddingstruga. Genmaterialet til desse rasane blir teke vare på av Norsk genressurssenter, Norsk Kennel Klub og ulike lag for dei ulike rasane.

Det er fleire rasar som ikkje er lov i Noreg. Nokre av dei er rekna som farlege hunderasar, andre er det ikkje lov å driva avl på fordi rasane kan ha store helseproblem. Dei seks rasane pitbullterrier, amerikansk staffordshire terrier, fila brasileiro, toso inu, dogo argentino, tsjekkoslovakisk ulvehund er forbodne som farlege. Det er forbod mot avl på desse, og på cavalier king charles spaniel av helseomsyn.

Lovregulering Etter hundelova frå 2022 skal ein hundeeigar ha «nødvendig kompetanse til å kunne forebygge at uheldige situasjoner eller skader oppstår», som «kunnskap om hold og trening av hund og kunnskap om hundens behov, naturlige adferd, bruksområde og det skadepotensialet hunden kan utgjøre.»

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Hundeloven ved lovdata.no Hund ved mattilsynet.no

kategori:hundar kategori:dyrehald