Toni Kroos () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Greifswald. Han var ein framifrå midtbanespelar kjend for sine presise pasningar. Kroos, som i 2014 vart verdsmeister for Tyskland, sanka ei mengd pokalar, fyrst med Bayern München fram til 2014 og sidan i ti sesongar med spanske Real Madrid.
Klubbspel Kroos debuterte i bundesliga 23. september 2007 for Bayern München. Etter å ha vore innbytar i ein del ligakampar i 2008, spelte han frå januar 2009 for Bayer Leverkusen, fram til og med vårsesongen 2010.
Sommaren 2010 drog Kroos tilbake til FC Bayern. Dei neste fire sesongane bidrog han mykje til at laget heva seg og henta heim bundesligapokalen og DFB-pokalen både i 2013 og 2014. Våren 2013 triumferte Bayern München også i meisterligaen, gjennom å vinne 2-1 over Borussia Dortmund i finalen.
Tiårsperioden 2014–24 gjorde Kroos teneste i Real Madrid. I desse åra var han med å vinne La Liga fire gongar og UEFA-meisterligaen heile fem gongar. Med sigeren i meisterliga-finalen 2024 vann Kroos meisterligaen for sjette gong, noko som gjer han til den mestvinnande i europacupen/meisterligaen, jamsides Francisco Gento og hans mangeårige lagkameratar Dani Carvajal, Luka Modrić og Nacho Fernández.
Landslagsspel Kroos var tysk landslagsspelar frå 2010 til 2024. Han deltok i tre verdsmeisterskap; 2010, 2014, 2018, og fire europameisterskap: 2012, 2016, 2021 og 2024. I 2010 var han innbytar i fire VM-kampar. Også i EM 2012 deltok han i fire kampar. To år seinare spelte han alle Tyskland sine kampar under verdsmeisterskapen i Brasil. Han skåra av to av måla i den legendariske semifinalekampen mot vertslandet, eit oppgjer som enda tysk siger 7 mål mot 1. I finalen vann Tyskland 1-0 over Argentina.
Sidan spelte Kroos fem kampar i EM-turneringa 2016. I Fotball-VM 2018 skåra han sigersmålet mot Sverige, men Tyskland enda opp med å verte slått ut i gruppespelet. Under europameisterskapen i England sommaren 2021 deltok han fire kampar. Til sist var han med å spele Tyskland fram til kvartfinale i Fotball-EM 2024. Kvartfinale-oppgjeret den 5. juli enda med spansk siger. Etter 114 landskampar og 17 skåringar tok Kroos av seg fotballskorne for godt.
Merittar Verdsmeister: 2014 for Vest-Tyskland Vinnar av UEFA-meisterligaen: 2013 for Bayern München, 2016, 2017, 2018, 2022 og 2024 for Real Madrid Tysk ligameister: 2008, 2013, 2014 for Bayern München Vinnar av DFB-pokalen: 2008, 2013, 2014 for Bayern München Spansk ligameister: 2017, 2020, 2022 og 2024 for Real Madrid Spansk cupmeister: 2023 for Real Madrid
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Toni Kroos» frå , den 9. september 2026.
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Bayer Leverkusen-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018