Svensk Pommern (svensk Svenska Pommern; tysk Schwedisch-Pommern) var eit maktområde under den svenske krona frå 1600-talet til 1800-talet, langs det som i dag er kysten av Austersjøen i Tyskland og Polen. Etter den polsk-svenske krigen og trettiårskrigen, fekk Sverige kontroll over store område langs sørkysten av Austersjøen, mellom anna Pommern og delar av Schlesien og Preussen.
Sverige, som hadde halde til i Pommern med ein garnison i Stralsund sidan 1628, hadde fått effektiv kontroll over Hertugdømet Pommern med Stettin-traktaten i 1630. Med freden i Westfalen i 1648 og Stettin-traktaten i 1653, fekk Sverige Vest-Pommern eller Vorpommern med øyane Rügen, Usedom og Wolin og ei stripe av Aust-Pommern, eller Hinterpommern. Sverige heldt dei pommerske delane av Tyskland som eit len i Det tysk-romerske riket som Reichsfürsten (riksfyrstar).
I 1679 mista Sverige det meste av områda av Pommern aust for Oder med Saint-Germain-en-Laye-traktaten og i 1720 mista Sverige det meste av områda sør for elvane Peene og aust for Peenestrom med freden i Stockholm. Desse områda vart avstått til Brandenburg-Preussen og vart innlemma i Brandenburgsk Pommern. I 1720 fekk òg Sverige attende kontrollen over resten av Pommern med freden i Frederiksborg, etter at desse vart tapt til Danmark i 1715. I 1814, som følgje av napoleonskrigane vart Svensk Pommern avstått til Danmark i byte mot Noreg i Kielfreden og i 1815, etter Wienerkongressen, vart det overført til Preussen.
Generalguvernørar
Sten Svantesson Bielke (1633-) Lennart Torstenson (1641-1648) Carl Gustaf Wrangel (1648-1650) Johan Oxenstierna (1650-1652) Axel Lillie (1652-) Otto Wilhelm Königsmarck (1679-1685) Nils Bielke (1687-1698) Johan August Meijerfeldt d.e. (1713-1747) Hans Henrik von Liewen d.y. (1766-1772) Carl Fredrik Sinclair (1772-1776) Fredrik Vilhelm von Hessenstein (1776-1791) Eric Ruuth (1792-1796) Philip von Platen (1796-1800) Hans Henric von Essen (1800-1807) Okkupert av Frankrike (1807-1809) Hans Henric von Essen (1809-1815)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Swedish Pomerania» frå , den 16. november 2010.
Pommern Kategori:Pommern Kategori:Historia til Mecklenburg-Vorpommern Kategori:Statar i Det tysk-romerske riket Kategori:Svensk historie