mini|Bøn på Arafatoppen på Arafa-dagen. Arafa-dagen (yaum arafah) er ein muslimsk merkedag, den andre dagen av hadj-pilegrimstida og dagen før høgtida id ul-adha. Han fell på den 9. dhu al-hidja, 70 dagar etter slutten av ramadan og id al-fitr.

Arafa-dagen er rekna som datoen då islam blei fullbyrda. Dette var dagen då sure 5 i Koranen, Al-maidah, blei opplesen på Arafa.

På Arafa-dagen vil hadj-pilgrimar dra frå Mekka til åstoppen Arafa eller Arafat like utanfor byen. På denne toppen skal profeten Muhammed ha halde avskjedspreika si. Pilgrimane ber ståande om tilgjeving for syndene sine og personleg styrke i framtida. Dei samlar også steinar til den rituelle steininga av Satan.

mini|upright|venstre|Kvinne med bønekrans og mann ved Arafatoppen. mini|Lesande pilgrimar på Arafasletta.

Også muslimar som ikkje utfører hadj kan tilbringa dagen i bøn, faste og lesing av Koranen. Ein hadith seier at både syndene i året som har gått og det komande året blir tilgjevne om ein fastar på denne dagen.

Tidspunkt Datoane for Arafa-dagen i den gregorianske kalenderen har dei siste åra vore: 2009: 26. november 2010: 15. november 2011: 5. november 2012: 25. oktober 2013: 14. oktober

Dagen startar ved solnedgang kvelden før.

Id ul-adha følgjer etter Arafa-dagen.

Bakgrunnsstoff Sure 5, Al-Maidah, med norsk tekst (Korandatabasen ved islam.no )

Kjelder

The Day of Arafa, lasjan.page.tl Øyvind Færevik, YAUM ARAFAH (ARAFAH-DAGEN) , islam.no Förträffligheten i 'Arafah-dagen , muslim.se Abu Usaid, Tio första dagarna av månaden Dhul-Hijja, islamguiden.com

Kategori:Muslimske høgtider Kategori:Hadj