Klyvtveitelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Elva er lang ( regna frå kjeldene på Flatefjellet), og har eit nedbørfelt på .NVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat Middelvassføringa ved munningen er .

Elva byrjar som ei rekkje små bekker på Flatefjellet sør for Klyvtveitvatnet og på Blåfjellet i nord. Bekkene blir samla i Klyvtveitvatnet, og frå nordenden av vatnet renn Klyvtveitelva nordover i eit bratt fall på vestsida av Blåfjellet ned til munningen i Austgulfjorden ved Klyvtveita, 2 km vest-sørvest for Austgulen.

Klyvtveitelva er utbygd til kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk, som utnyttar fallet frå Klyvtveitvatnet ned til Austgulfjorden. Kraftverket vart ferdig i 2006, og etter utbygginga er elva stort sett tørrlagt heile tida. Vatn frå to innsjøar i nærliggande elvar i det varig verna Yndesdalsvassdraget, Austgulstølvatnet i Steinsdalelva og Transdalsvatnet i Dalelva, er òg overført til Klyvtveitvatnet. Overføringane gjer at vassføringa til kraftverket blir meir enn fordobla i tilhøve til Klyvtveitvatnets naturlege tilsig.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Bilde av Klyvtveitelva frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv

Kategori:Elvar i Gulen