Andrew Newell Wyeth () var ein visuell kunstnar og ein realistisk målar. Han var ein av dei mest kjende amerikanske kunstnarane på midten av 1900-talet og vart stundom kalla «Målaren av folket» sidan han var så populær hos amerikanarane.

I kunsten sin skildra Wyeth ofte landet og folket rundt han, både i heimbyen Chadds Ford i Pennsylvania og ved sommarhuset i Cushing i Maine.

Eit av dei mest kjende bileta i amerikansk kunst på 1900-talet er Weyth-måleriet Christinas verd, som i dag finst på utstilling i Museum of Modern Art i New York City.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «» frå , den 8. november 2010.

Kategori:USA-amerikanske målarar Kategori:Folk frå Pennsylvania Kategori:Moderne målarar Kategori:Realistiske kunstmålarar