mini|Guldberg og Waage

Peter Waage () var ein norsk professor i kjemi, kjent for at han saman med Cato Guldberg utvikla masseverknadslova i 1864.

Waage voks opp på garden Vaage på øya Hidra. Han vart elev ved Bergen katedralskole i 1849, byrja deretter å studere medisin, men skifta fag til mineralogi og kjemi. Han studerte òg i Frankrike og Tyskland. Han vart universitetsstipendiat i 1859, og professor i 1866.

Waage var formann i Den Polytekniske Samskipnad 1868-69, første formannen i Noregs Kristelege Ungdomsforbund 1880. I det andre ekteskapet sitt var Waage svoger med kollegaen Cato Guldberg og diakonipioneren Cathinka Guldberg. Waage omsette Julie von Hausmann si salme Så ta da mine hender frå tysk til norsk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «» frå , den 6. november 2010.

Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Flekkefjord Kategori:Norske kjemiprofessorar