Hearts and Bones er det sjette soloalbumet til Paul Simon og kom ut i 1983.

Albumet var opphavleg meint som eit gjenforeiningsalbum for Simon & Garfunkel kalla Think Too Much, etter konserten deira i Central Park i 1981 og den påfølgjande verdsturneen i 1982-1983. Faktisk vart nokre av songane som var meint for Think Too Much spelt på turneen. Det var derimot mykje usemje mellom Simon og Art Garfunkel under innspelinga. Garfunkel var ikkje komfortable med dei personlege tekstane til Simon, og Simon ville visst nok ikkje ha vokalen til Garfunkel på songane. Dette førte til at dei gav seg med heile prosjektet, Simon fjerna vokalen til Garfunkel frå songane og arbeidde vidare med det som eit soloalbum.

Songen «The Late Great Johnny Ace» er ei hyllest frå Simon til John Lennon, som vart drepen kort tid før Simon skreiv songen. Musikken i slutten av denne songen, med strykarar, klarinett og fløyte, var skriven av komponisten Philip Glass.

I 1983 vart albumet rekna som mislukka og eit lågpunkt i karrieren til Simon. Albumet har kome i litt betre lys i nyare år og vert i dag rekna som eit solid album. Albumet nådde berre 35. plass i USA, men gjekk heilt til tredjeplass i Noreg.

Innhald

Medverkande Paul Simon - gitar, programmering, vokal Rob Mounsey - synthesizer, vocoder The Harptones - korvokal Bernard Edwards - bass Nile Rodgers - gitar, programmering Airto Moreira - perkusjon Marin Alsop - fiolin Michael Boddicker - synthesizer Wells Christy - synthesizer, synclavier Tom Coppola - synthesizer, synclavier Al di Meola - gitar Gordon Edwards - bass Steve Ferrone - trommer Steve Gadd - trommer Eric Gale - gitar Anthony Jackson - kontrabassgitar Jill Jaffe - bratsj Jesse Levy - cello Michael Mainieri, Jr. - marimba, vibrafon, korvokal George Marge - bassklarinett Sid McGinnis - gitar Marcus Miller - bass David Nichtern - synclavier Jeff Porcaro - trommer Dean Parks - gitar Greg Phillinganes - piano, Fender Rhodes Michael Riesman - synthesizer, dirigent Mark Rivera - altosaksofon Robert Sabino - synthesizer, piano Richard Tee - synthesizer, piano, Fender Rhodes, vokal Carol Wincenc - fløyte Frederick Zlotkin - cello Peter Gordon - valthorn Dave Matthews - hornarrangement

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hearts and Bones» frå , den 5. november 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Paul Simon-album Kategori:Musikkalbum frå 1983