2018 var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 22. januar: Den tidlegare fotballspelaren George Weah blei innsett som president Liberia. 9.-15. februar: Vinter-OL 2018, dei 23. olympiske vinterleikane, i Pyeongchang i Sør-Korea. 9.-18. mars: Dei paralymiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang. 4.-15. april: Samveldeleikane 2018 i Gold Coast City i Queensland i Australia. 19. april: Miguel Díaz-Canel etterfølgde Raúl Castro som president på Cuba. Romteleskopet TESS blei skot opp med føremål om å leita etter eksoplanetar. 8. juni-8. juli: VM i fotball 2018 i Russland. 22. desember: Ein tsunami i Sundasundet føre til at minst 426 menneske døydde.

Noreg 1. januar: Talet på kommunar i Noreg blei redusert frå 426 til 422 ved fire kommunesammenslåingar: Nøtterøy og Tjøme blei slått saman til Færder kommune,TB.no: Og navnet på den nye kommunen ble... Leksvik og Rissa blei slått saman til Indre Fosen kommune, Hof og Holmestrand blei slått saman til Holmestrand kommune og Lardal og Larvik ble slått saman til Larvik kommune. Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag blei slått saman til Trøndelag fylke. Talet på fylke i Norge blei dermed redusert frå 19 til 18. 12. januar: Høgskolen i Oslo og Akershus fekk status som universitet med namnet Oslomet – storbyuniversitetet, Kunsthøgskolen i Oslo fekk status som vitskapleg høgskule og Fjellhaug internasjonale høgskole fekk status som høgskole. 17. januar: Regjeringa Solberg blei utvida med partiet Venstre. Trine Skei Grande ([V), Ola Elvestuen (V), Iselin Nybø (V), Nikolai Astrup (H) og Åse Michaelsen (Frp) blei nye statsrådar. 4. mai: Universitetet i Sørøst-Norge blei oppretta som ei vidareføring av Høgskolen i Telemark, Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Buskerud.Høgskolen i Sørøst-Norge blir universitet, stortinget.no, pressemelding Nr. 109-18, 4. mai 2018Offisielt fra statsråd 4. mai 2018, regjeringen.no, 4. mai 2018

Fødde

9. mars: Adrienne Josephine Alice Bernadotte, svensk prinsesse og hertuginne av Blekinge (dotter av prinsesse Madeleine og Christopher O'Neill) 23. april: Louis av Cambridge, britisk prins (son av prins William og Catherine av Cambridge)

mini|Jahn Otto Johansen døydde 1. januar

Døde

1. januar: Jahn Otto Johansen, norsk journalist og forfattar 7. januar: Bjørg Vik, norsk forfattar 7. januar: France Gall, fransk songar 9. januar: Odvar Nordli, norsk statsminister 27. januar: Ingvar Kamprad, svensk forretningsmann, grunnleggar av IKEA 7. februar: Skule Waksvik, norsk bilethoggar 14. mars: Stephen Hawking, britisk teoretisk fysiker, kosmolog og forfattar 12. november: Stan Lee, teikneserieskapar

Kjelder