«Ambulance Blues» er ein song av Neil Young frå albumet On the Beach i 1974.

Han er ein episk visesong på nesten ni minuttar, mykje spelt av andre musikarar når dei skal hylle Young.Allmusic Ironisk nok hylla Young sjølv ein av sine favorittgitaristar, den engelske trubaduren Bert Jansch, som han lånte melodien frå (frå Jansch sin «Needle of Death»). Songen vert framført med berre akustisk gitar og ei lita fele, ein sparsam bass, trommer og munnspel. Det er vanskeleg å tolke songen med referansar til alt mogeleg: oppveksten i Toronto, krenkinga av landet og dei innfødde, løgnaktige politikarar og depresjon.

Young har sjeldan spelt songen på konsert, men spelte den i 1998 på Bridge School Benefit akkompagnert av medlemmer i R.E.M.

Kjelder

Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Neil Young