«Only Love Can Break Your Heart» er ein song skriven av Neil Young for albumet After the Gold Rush i 1970. Songen vart visstnok skriven for Graham Nash etter at han gjekk frå Joni Mitchell, sjølv om Young i intervju har vore noko tilbakehalden om dette. Han vart gjeven ut som singel i oktober 1970, og vart den første Topp 40-hitten til Young som soloartist, då han nådde 33. plass i USA. Singelen vart gjeven ut med ein Crazy Horse-versjon av «Birds» (istaden for solopianoversjonen på albumet) som B-side. Denne forvekslinga var visstnok ikkje tilsikta.

Allmusic skriv: «'Only Love Can Break Your Heart' er den slags song som har ein uforligneleg stil og likevel har ein universell tiltrekning og stemning -- kanskje slik at han nesten verker forslitt; teksten er ein oppdatert versjon av Tin Pan Alley-songar som 'You Always Hurt the One You Love' og den lengtande melodien kjennest som han alltid har vore der, sjølv om ein må leite lenge for å finne han andre stader»Allmusic

Andre utgåver Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Peter Laughner, Juliana Hatfield, Kathleen Edwards, Elkie Brooks, Mint Juleps, Everlast, Psychic TV, The Corrs, Damien Leith, John Baldry, Gwyneth Herbert, The New Standards, The S.I.G.I.T., Butch Walker og I Blame Coco.

I 1990 spelte det engelske bandet Saint Etienne inn ei utgåve av songen for debutalbumet deira Foxbase Alpha. Andrew Weatherall miksa seinare songen og la vekt på basslinja. Denne remiksen vart gjeven ut som singel og gav bandet den første hitten deira. Vokal var av Moira Lambert. Singelen nådde 39. plass i Storbritannia og 97. plass i USA. Han nådde Topp 10 på Dance-lista i USA.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Only Love Can Break Your Heart» frå , den 26. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar om einsemd Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar produserte av David Briggs Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Elkie Brooks-songar Kategori:Debutsinglar frå 1990 Kategori:Saint Etienne-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Dance Club Songs-lista Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Jackie DeShannon-songar Kategori:Stephen Stills-songar Kategori:Everlast-songar Kategori:The Corrs-songar Kategori:Lady Antebellum-songar Kategori:Twiggy-songar Kategori:Rickie Lee Jones-songar Kategori:Natalie Imbruglia-songar