Jens Haugland () var ein norsk jurist og politikar som representerte Arbeidarpartiet. Han var innvald stortingsrepresentant for Vest-Agder i fem periodar frå 1954 til 1973, han var justisminister frå 1955 til 1963 og kommunalminister frå 1963 til 1965.
Karriere Haugland blei utdanna jurist i 1936. Han var sakførar i Kristiansand frå 1943, høgsterettsadvokat frå 1951. Han var legasjonssekretær i Stockholm i siste del av den andre verdskrigen. Frå 1968 var han sorenskrivar i Setesdal sorenskrivarembete, fram til 1980. Frå 1973 dreiv han farsgarden på Bjelland, og etter at han vart pensjonist i 1980 arbeidde han også som advokat til han døydde.
Dagbokskriving og politiske meiningar Størst oppsikt vekte Haugland med memoarboka Dagbok frå Kongens Råd i 1986, der han offentleggjorde private dagboksnotat frå tida som statsråd, og blant anna avslørte at rykte om kong Olav V sitt privatliv var teke opp på regjeringsnivå.
Haugland ønskte å modernisere grunnloven til eit meir moderne norsk, men nådde ikkje fram med dette. Han var også talsmann for ei meir rettferdig valordning med utjamningsmandat. Dette blei innført i 1989, 16 år etter at Haugland hadde forlate Stortinget. Han var også talsmann for ei samanslåing av dei to Agder-fylka. Haugland var imot norsk medlemskap i EF. Han engasjerte seg i kampen mot militærjuntaen i Hellas, og var formann i den norske Hellas-komiteen 1968-1970.
Bibliografi 1970: Juntaen ut av NATO, Oslo, Det norske samlaget 1986: Dagbok frå Kongens råd, Oslo, Det norske samlaget, isbn=82-521-2639-1 1988: Dagbok frå Løvebakken, Oslo, Det norske samlaget, isbn=82-521-3082-8 1989: saman med Alf Nordhus: Bølgjer i retten: frå jussens muntre bakgard, Oslo, Det norske samlaget
Kjelder Stortinget.no - Biografi
Bakgrunnsstoff Katalog til arkiv etter Jens Haugland hjå Statsarkivet i Kristiansand
Kategori:Norske justisministrar Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen IV Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Norske advokatar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Marnardal