Jørgen Herman Meinich () var ein norsk jurist, embetsmann og Høgre-politikar frå Bergen. Hans Meinich var far hans.
Meinich vart student 1885 og avla juridisk embetseksamen i 1890. Han var deretter amtsfullmektig i Nordre Bergenhus amt og frå 1891 sorenskrivarfullmektig i Nordfjord. I 1893 vart han tilsett i Finansdepartementet; Han var så i 1895 konstituert sorenskrivar i Ringerike, og deretter konstituert amtmann i Nordre Bergenhus amt 1896-97. Frå 1901 var han byråsjef i Finansdepartementet, før han flytta til Tromsø der han var byfut frå 1905. Han var medlem av bystyret 1907-18, straks vald til varaordførar (1907-08), ordførar i 1909. Frå 1909 var han også krigsdommar i Tromsø stift.
I åra 1918-23 var Meinich sorenskrivar i Mellom Jarlsberg, før han vart utnemnd til fylkesmann i Vestfold, eit embete han styrte fram til 1938. Som fylkesmann var han med på gjennomføringa av fleire større tiltak, som bygging av Vrengenbrua, ombygging av Vestfoldbanen, modernisering av vegane i fylket samt utviding av fylkessjukehuset i Vestfold.Einar K. Aas: Kjente Tønsbergborgere for 50 år siden, Tønsberg, 1976
Meinich var 1910-12 innvald på Stortinget frå valkrinsen Tromsø, og i 1922-24 frå bykrinsane i Vestfold. Begge gongane representerte han Høgre. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av budsjettkomiteen, i den andre av militærkomiteen, 1923-sesjonen også av fullmaktskomiteen. Han skal ha takka nei til statsrådspostar grunngjeve med at han lokalt kunne gjere større nytte for seg.CV , Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenesteEva Knudsrød: «Meinich-familien i Horten og Borre» , Borreminne 1996
Han vart i 1934 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Meinich døydde i Oslo i 1948.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bokmålswikipedia
Notar
Litteratur Jørgen Herman Meinich (d.y.): Meinich-familien i Danmark og Norge, Oslo 1969
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Fylkesmenn i Vestfold Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Ordførarar i Tromsø Kategori:Norske juristar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Bergen