Høgskolen i Hedmark (HH) var ein statleg høgskule i Noreg som var verskam frå 1994 til 2016. I september 2016 vedtok Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer å slå seg sammen til Høgskolen i Innlandet, som opna 1. januar 2017.

Høgskolen i Hedmark vart etablert 1. august 1994 som eit resultat av at fire statlege høgskolar på Hamar, Elverum, Åmot og Stor-Elvdal vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Han hadde rundt 5 250 studentar og 450 tilsette.

Høgskolen hadde undervising ved fire campusar: Hamar, Elverum, Åmot og Stor-Elvdal, i tillegg til desentraliserte studiestader på Tynset, Kongsvinger og Otta. Hovudadministrasjonen ligg i Elverum. Høgskolen deltok i eit utviklingsprosjekt saman med Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik med sikte på å utvikle universitetskompetanse, Prosjekt Innlandsuniversitetet.

Høgskolen hadde tilbod om vel 100 fag- og profesjonsstudiar innan følgjande fagområde;

Lærarutdanningar Helse og idrett Økonomi og leiing Kommunikasjon og samfunn Språk og kultur Skog, miljø og natur Landbruk og bioteknologi Design, spel og media

Studiane kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen sine fire avdelingar: Helse og idrettsfag - HI, Campus Elverum Lærarutdanning og naturvitskap - LUNA, Campus Hamar Skog og utmarksfag - SUE, Campus Evenstad Økonomi, samfunnsfag og informatikk - ØSIR, Campus Rena

Høgskolen tilbaud internasjonalisering av studiar. Det var mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kunne halde fram med utdanninga i utlandet etter fullførte studiar.

Sjå òg Studentsamskipnaden i Hedmark

Kjelder

Bakgrunnsstoff Høgskolen i Hedmark Brannvakta Studentersamfunn, Hamar Din Framtid.no

Kategori:Elverum kommune Kategori:Åmot kommune Kategori:Utdanning i Hedmark Kategori:Høgskolen i Innlandet Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Stor-Elvdal kommune Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg