Symfoni nr. 22 i Ess-dur, Hoboken I/22, er ein symfoni skriven av Joseph Haydn i 1764. Han vert kalla «Filosofen» («Der Philosoph») og er ein av dei mest framførte av dei tidlege symfoniane til Haydn.
Haydn komponerte denne symfonien medan han var assisterande Kapellmeister i hoffet til prins Nikolaus Eszterházy. Han vart skriven i 1764 og nyttar eit sonata da chiesa-format, sjølv om språket i stykket er ein forsmak på utviklinga i klassiske symfoniar. Som andre tidlege Haydn-symfoniar som nyttar dette tempo-skjemaet, er alle satsane i same toneart. Tre av dei er i sonateform (den første, andre og fjerde), medan den tredje er ein vanleg menuett og trio.
Opphavet til kallenamnet «Filosofen» kjem ikkje frå Haydn sjølv. Det kjem av at melodien og kontrapunktet i den første satsen (mellom strykarane og det engelske hornet) følgjer eit slags spørsmål etterfølgd av eit svar, slik at det høyrest ut som ein debatt.
Instrumentering Som andre symfoniar komponert på denne tida, vart verket skrive for eit lite orkester (mindre enn 20). HC Robbins Landon, Haydn: Chronicle og Works, 5 vols, (Bloomington og London: Indiana University Press, 1976-) v. 2, Haydn at Eszterhaza, 1766-1790, 291-94. Vanlegvis vert det nytta to engelske horn i staden for den meir vanlegare oboen. Resten held seg til den vanlege instrumenteringa med to fagottar, valthorn, pauke, continuo (cembalo) og strykarar.
Form Symfonien er i fire satsar:
Adagio, 4/4 Presto, 4/4 Menuet e Trio, 3/4 Finale: Presto, 6/8
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 22 (Haydn)» frå , den 21. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Symfoni 022 Kategori:Musikk i 1764