Johan Gerhard Theodor Ameln () var ein norsk kjøpmann og Venstre-politikar frå Bergen. Henrik Ameln var brorson hans.

Far hans var kjøpmann i Bergen. Sjølv var han elev av Bergens handelsinstitutt 1861-63 og var deretter kjøpmann og skipsreiar i fødebyen. Han var medlem av formannskapet i Bergen 1881-88, ordførar 1886-87. Ameln var med å stifte både Bergens Kreditbank, Bergens dampskipsassuranseforening og Selskabet for de norske Fiskeriers fremme.

Ameln var 2. representant på Stortinget for Bergen i perioden 1889-91. Han var sekretær i næringskomite nr. 1.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Nordmenn av tysk opphav Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Bergen