Zurab Khizanisjvili, georgisk ზურაბ ხიზანიშვილი () er ein georgisk fotballspelar som i 2011/12-sesongen spela i forsvar for Kayserispor i den tyrkiske fotballigaen, og for Georgia sitt landslag.

Khizanisjvili spelte for fleire klubbar i heimbyen Tbilisi, før han i 2001 drog til skotsk fotball og eliteserieklubben Dundee FC. I 2003 gjekk han til toppklubben Rangers. Han vart seriemeister i Skottland med Rangers i 2004/05-sesongen, men spelte berre 16 seriekampar den sesongen. Sommaren 2005 drog han til Blackburn Rovers i engelsk Premier League. Han spelte dei fleste seriekampane i den første sesongen sin der, og rundt halvparten av kampane neste sesong, men hadde større og større problem med å komma på førstelaget. I 2009 gjekk han på lån i tre månader til Newcastle United i nest høgste divisjon, og då den låneperioden gjekk ut, gjekk han til Reading i januar 2010. Låneperioden vart forlenga i august 2010 til heile 2010/11-sesongen.

Khizanisjvili debuterte for Georgia sitt A-landslag i 1999. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. juni 2009 i ein privatlandskamp mot Moldova.

Kategori:Georgiske fotballspelarar Kategori:Dundee-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Blackburn-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Reading-spelarar Kategori:Kayserispor-spelarar