Sweetheart of the Rodeo er det sjette albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut 30. august 1968 på Columbia Records. Countryrockpionereen Gram Parsons var no blitt medlem i bandet, og dette var det første countryrockalbumet av ein større artist nokon gong. For bandet var det eit stort sprang bort frå den psykedeliske rocken på det førre albumet, The Notorious Byrd Brothers. The Byrds hadde stundom eksperimentert med country på dei fire førre albuma sine, men Sweetheart of the Rodeo er det første som stod med begge beina planta i denne leiren. Med dette albumet vart Gram Parsons, som vart medlem av The Byrds like før innspelinga, kjend for det store publikum for første gong. Albumet er derfor eit viktig kapittel for både Parsons sjølv og hans musikalske krosstog for å gjere countrymusikken populær att hos eit ungt publikum.

Albumet var opphavleg meint som ei musikalsk historie gjennom amerikansk popmusikk frå 1900-talet, og skulle omfatta stilar som country, jazz og rhythm and blues. Lidenskapen til den då ukjende Parsons for country gjorde at dette konseptet raskt vart skrinlagd, og albumet vart i staden eit reint countryalbum. Plata vart spelt inn i både Nashville og Los Angeles, med fleire kjende studiomusikarar, som Lloyd Green, John Hartford, JayDee Maness og Clarence White. Det vart krangling mellom Parsons og resten av bandet, særleg med McGuinn, og noko av vokalen til Parsons vart spelt inn på ny, mellom anna på grunn av juridiske komplikasjonar, og då albumet kom ut i august hadde Parsons alt forlate bandet. Då The Byrds flytta seg frå rock og pop til country, førte dette til stor motstand i det særs konservative countrymiljøet i Nashville, som såg på The Byrds som ein gjeng hippiar som prøvde å øydeleggje countrymusikken.

Då albumet kom ut nådde det 77. plassen på Billboard Top LPs i USA, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. To singlar var gjevne ut frå albumet, «You Ain't Goin' Nowhere», som selde moderat, og «I Am a Pilgrim», som ikkje nådde lista i det heile. Albumet fekk stort sett positiv omtale i musikkpressa, men endringa frå psykedelisk musikk framandgjorde store delar av pop-publikumet til bandet. Trass i at albumet til då var det minstseljande albumet til The Byrds, vert det i dag rekna som eit av dei aller første og særs viktige countryrockalbuma.

Bakgrunn (januar til mars 1968) Den første planen til Roger McGuinn for albumet var at dei skulle fortsetje med dei mange stilartane dei hadde vore innom på det førre albumet sitt, The Notorious Byrd Brothers, i form av eit dobbeltalbum som skulle ta ein gjennom historia til amerikansk popmusikk. Det planlagde albumet skulle byrje med bluegrass og appalachisk musikk, og så gå gjennom country, jazz, rhythm and blues og rock, før det enda med futuristisk proto-electronica med Moog modular-synthesizer.

Men under den amerikanske collegeturneen sin for å marknadsføre The Notorious Byrd Brothers hadde dei eit problem dei måtte løyse først. David Crosby og Michael Clarke var blitt sparka frå bandet seint i 1967, og Roger McGuinn vart då den eigentlege leiaren av The Byrds med Chris Hillman som det einaste andre medlemmet i bandet. McGuinn tok så inn syskenbarnet til Hillman, Kevin Kelley (tidlegare medlem av Rising Sons), som den nye trommeslagaren deira, og det var dette tremannsbandet, med McGuinn på gitar og Hillman på bass, som la ut på turné tidleg i 1968. Det vart raskt tydeleg at The Byrds sleit med å framføre songane sine live som trio, så ein måtte ha inn eit fjerde medlem. McGuinn, som framleis hadde planar om eit konseptalbum om amerikansk musikk, meinte at ein pianist med jazzbakgrunn kunne vere ideelt for gruppa.

Larry Spector, som var forretningsføraren til bandet, fann ein kandidat i form av den 21 år gamle Gram Parsons. Parsons, som berre så vidt hadde gjort seg merkbar i musikkmiljøet i L.A., hadde vore kjend med Hillman sidan 1967 og han prøvespelte for bandet som pianist i februar 1968. Han klarte å etterlikne jazz på pianoet og med den særeigne personlegdomen sin var det nok til å imponere både McGuinn og Hillman; så Parsons vart henta inn som det fjerde medlemmet, men byta raskt frå piano til gitar. Sjølv om Parsons og Kelley vart rekna som fullverdige medlemmar av The Byrds, fekk dei begge løn frå McGuinn og Hillman, og signerte ikkje med Columbia Records då platekontrakten til The Byrds vart fornya 29. februar 1968.

mini|Roger McGuinn hadde opphavleg tenkt at albumet skulle vere ein gjennomgang av amerikansk popmusikk på 1900-talet. Ukjend for både McGuinn og Hillman, hadde Parsons planlagt sin eigen musikalske agenda, der han ønskte å blande kjærleiken sin til country (som han såg som den reinaste forma for amerikansk musikk) med ungdomskulturen sin lidenskap for rock. Han hadde alt klart dette med suksess i det lite kjende International Submarine Band, på albumet Safe at Home, men som medlem av The Byrds hadde Parsons fått ein internasjonale scene han kunne lansere forsøket sitt på å attvinne countrymusikken for sin generasjon.

Etter Parsons kom inn i bandet byrja han å lure Hillmann bort frå konseptideen til McGuinn mot det Parsons seinare kalla «kosmisk amerikansk musikk». I røynda var dette ei blanding av forskjellige amerikansk musikk, som honky tonk-country og folkemusikk, soul, rhythm and blues, rock ’n’ roll og moderne rock. Hillman, som kom frå ein musikalsk bakgrunn som hadde røter i bluegrass, let seg lett overtyde om at The Byrds burde innlemme eldre country i musikken sin, noko dei til dels hadde byrja med på songen «Satisfied Mind» i 1965 på albumet Turn! Turn! Turn! Mange av songane til Hillman på Younger Than Yesterday og The Notorious Byrd Brothers hadde òg vore nær country, fleire av dei med Clarence White (ein kjend bluegrassgitarist og studiomusikar) på sologitar, i staden for McGuinn. Parsons og Hillman spelte gamle countrysongar i lag og Hillman vart overtydd om at countrykonseptet til Parsons kunne fungere for The Byrds.

Lidenskapen Parsons hadde for countryrock var så smittande at sjølv McGuinn vart overtydd om å gje opp planane sine for det neste Byrds-albumet og gjekk med på å spele inn eit countryrockalbum. Parsons overtydde òg McGuinn og Hillman om å reise til countryhovudstaden Nashville, slik Bob Dylan hadde gjort for Blonde On Blonde og John Wesley Harding. Sjølv om McGuinn hadde noko tvil til den nye retninga til bandet, tenkte at han eit slikt grep kunne auke talet på fans, som på denne tida uansett var fallande. Etter at den faste produsenten til Byrds, Gary Usher, hadde synt lite interesse for konseptalbumet til McGuinn og indikerte at han føretrekte countrykonseptet, gav McGuinn til slutt etter. Den 9. mars 1968 drog bandet til studioet til Columbia i Nashville, i lag med Clarence White, for å byrje innspelinga av Sweetheart of the Rodeo.

Innspelinga (mars til mai 1968) Mellom 9. og 15. mars 1968, gjorde bandet mange opptak av åtte songar i lag med kjende studiomusikarar i platestudioet til Columbia Records i Music Row-området i Nashville. Innspelinga for albumet fortsette frå 4. april til 27. mai 1968 i Columbia Studios i Hollywood, og ytterlegare sju songar vart spelte inn, medan songane spelte inn i Nashville vart fullførte.

Av songane bandet spelte inn for albumet finn ein mellom andre «You Ain't Goin' Nowhere» og «Nothing Was Delivered», to countryaktige Bob Dylan-songar frå dei då uutgjevne Basement Tapes-innspelingane. Trass i den musikalske stilen som Sweetheart of the Rodeo representerte for The Byrds, var desse to Dylan-songane ei lenkje til den tidlegare folkrockmusikken deira, sidan dei tidlegare hadde spelt fleire Dylan-songar. The Byrds spelte òg inn ein trio med klassiske countrysongar for albumet: den tradisjonelle «I Am a Pilgrim», som var gjort populær av Merle Travis i slutten av 1940-åra; Cindy Walker-songen «Blue Canadian Rockies», som Gene Autry song i filmen frå same namn i 1952; og «The Christian Life», skriven av The Louvin Brothers, som var motsetnaden til ein tradisjonell rockesong med ein mild tekst om dei enkle gledene ved ein kristen livsstil.

I tillegg til desse eldre countrysongane og dei to Dylan-songane, spelte bandet inn eit par moderne countrysongar: Merle Haggard sin sentimentale fengselssong «Life in Prison» og Luke McDaniel sin «You're Still On My Mind», ei sorgtung soge om ein fyllik med hjartesorg som finn trøyst i botnen av ei flaske. I tillegg spelte The Byrds William Bell sin Stax-hit, «You Don't Miss Your Water», ein countryaktig stil, med krystallklår harmonisong og bidrag frå JayDee Maness og Earl P. Ball på høvesvis pedalsteelgitar og Honky-tonk-piano. Med ei blanding av country og soul var «You Don't Miss Your Water» eit perfekt døme på det Parsons seinare definerte som «kosmisk amerikansk musikk».

McGuinn hadde ikkje skrive countrysongar sjølv, og såg i staden på folkeviser han hadde spelt i tida før The Byrds, og bidrog med Woody Guthrie sin «Pretty Boy Floyd», ein song om ein folkehelt og fredlaus. Songen vart spelt inn 12. mars 1968 der McGuinn prøvde å spele banjo sjølv, men var ikkje nøgd med det han fekk det til og fekk musikaren John Hartford til å spele banjo i staden. The Byrds spelte òg inn Kelley-songen «All I Have Are Memories», Tim Hardin sin «You Got a Reputation» og den tradisjonelle «Pretty Polly», men ingen av desse songane vart vald ut for den endelege utgåva av Sweetheart of the Rodeo.

Parsons tok med seg tre av hans eigne songar til innspelinga: «Lazy Days», «One Hundred Years from Now» og «Hickory Wind». Sistnemnde var skriven av Parsons og det tidlegare International Submarine Band-medlemmet Bob Buchanan under ei togreise frå Florida til Los Angeles tidleg i 1968. «One Hundred Years from Now» har eit kjappare tempo enn dei fleste songane på Sweetheart of the Rodeo og spekulerer i korleis den noverande forfengelegheita til mennesket kjem til å bli vurdert av framtidige generasjonar. Den Chuck Berry-aktige «Lazy Days» var ikkje med på det endelege albumet, men vart spelt inn på ny av Parsons og Hillman med bandet deira The Flying Burrito Brothers, for albumet Burrito Deluxe i 1970.

Nashville-reaksjon og turné mini|Ryman Auditorium, der The Byrds for første gongen spelte på Grand Ole Opry den 15. mars 1968. Då dei var ferdig med innspelinga i Music Row, enda bandet opphaldet i Nashville med å spele på Grand Ole Opry i Ryman Auditorium (introdusert av den framtidige «outlaw»-countrystjerna Tompall Glaser), den 15. mars 1968. Bandet vart motteken med latterleggjering av det konservative publikummet sidan dei var den første gruppa med «langhåra» hippiar som spelte på den ærverdige countryinstitusjonen. Faktisk hadde The Byrds alle klypt håret kortare enn vanleg for denne framføringa, men det var ikkje nok for publikum. The Byrds opna med ei utgåve av Merle Haggard sin «Sing Me Back Home», som vart møtt med buing og rop frå det fiendtlegsinna Opry-publikummet. Alle håp om å redde framføringa vart raskt øydelagd då Parsons, i staden for å syngje ein song annonsert av Glaser, spelte ei utgåve av «Hickory Wind» dedisert til bestemora si. Dette sjokkerte faste Opry-artistar som Roy Acuff og gjorde Glaser flau, slik at The Byrds aldri vart invitert attende på showet.

Nesten like katastrofal var framføringa deira på radioprogrammet til den legendariske programleiaren Ralph Emery, som gjorde narr av gjestene sine gjennom heile intervjuet og nekta å spele ein acetat av «You Ain't Goin' Nowhere». Han spelte til slutt plata, men slakta ho på lufta medan bandet enno var i studio. Tydleg irritert av denne handsaminga, skreiv Parsons og McGuinn ein song om Emery, «Drug Store Truck Drivin' Man», som vart skriven i London i mai 1968. Songen kom ut på det neste albumet til The Byrds, Dr. Byrds & Mr. Hyde, men utan Parsons som hadde slutta i bandet på denne tida.