Løveape eller løvetamarin (Leontopithecus rosalia) er ein liten primat i silkeapefamilien, Callitrichidae. Arten er mellom anna i slekt med silkeapa.

Utsjånad Arten er den største i silkeapefamilien med ei kroppslengd på 34–40 cm og halelengd på 26–38 cm. Vekta er på 630-710 g. Pelsen er raudgul, og dei lange håra på issen, kinna og sidene av halsen kan reisast opp som ein man. Ulikt dei fleste apar har løveapa klør i staden for neglar. Hannar og hoer ser heilt like ut.

Føde og levevis

Føda er frukt og grønsaker, men også insekt, edderkoppar og smådyr. Apa kan bli opptil 10-15 år gamal. Løveapa er endemisk for atlanterhavsskogen i Brasil. Ho lever høgt oppe i trekrunene, om lag 30 meter over bakken, eller meir.

Utbreiing Apa er truga av skoghogst; ein rekner med at berre 2 %–5 % av det opphavlege leveområdet deira er att. I vill tilstand finst berre nokre hundre eksemplar att. Dei finst berre i tre små regnskogsområde i Søraust-Brasil: Poço das Antas Biological Reserve, Fazenda União biologiske reservat og private landområde knytt til eit reintroduksjonsprogram.

Det finst rundt 490 individ i fangenskap i 150 ulike dyrehagar. I Skandinavia finst arten mellom anna i Ålborg Zoo og Kristiansand Dyrepark.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Golden lion tamarin» frå , den 22. august 2018.

Bokmålswikipedia om løvetamarin.

Kategori:Primatar Kategori:Dyr i Brasil