Nils Claus Ihlen () var ein norsk brukseigar og Venstre-politikar frå Oslo.

Ihlen var son av ein brukseigar. Sjølv vart han student frå Nissens skole i hovudstaden i 1872, cand.philol. året etter og studerte deretter ved teknisk skule i Zürich. Ei tid var han så tilsett ved jarnbaneanlegg. I 1883 overtok han Strømmen Mekaniske Verksted og Støperi, eigde og dreiv dette til 1908, sidan stod han einast som eigar.

Ihlen var i årevis medlem av Skedsmo heradsstyre, ordførar i mange år. Perioden 1906-09 representerte han krinsen Mellem Romerike på Stortinget. Han var medlem av budsjettkomiteen og i 1907 av den utvida jarnbanekomiteen og av fossefallskomiteen. Frå 19. mars 1908 var han statsråd og sjef for arbeidsdepartementet i Gunnar Knudsens fyrste regjering, ein posisjonen han hadde til regjeringa gjekk av 1. februar 1910.

Ihlen var utanriksminister i Gunnar Knudsens andre regjering frå 1913 til 1920. Som utanriksminister vart Ihlen særleg kjend gjennom si sentrale rolle i Grønlandssaka. Han inngjekk med Danmark i 1919 ein folkerettsleg bindande avtale, gjerne kalla Ihlen-deklarasjonen, som gjorde det umogleg for Noreg å annektere Aust-Grønland. Ihlen styrte ei stund i 1918 også industri- og forsyningsdepartementet.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske utanriksministrar Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Knudsen I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Knudsen II Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Skedsmo Kategori:Venstreordførarar i Akershus Kategori:Politikarar frå Oslo