The Byrds var eit amerikansk rockeband som vart skipa i Los Angeles i California i 1964. Bandet hadde mange forskjellige medlemmer medan det eksisterte, og frontmannen Roger McGuinn (òg kjend som Jim McGuinn) var det einaste medlemmet som var med heile vegen fram til bandet vart oppløyst i 1973. Kommersielt sett var gruppa berre like stor som The Beatles, The Beach Boys og The Rolling Stones ein kort periode i 1965 og 1966, men vert likevel i dag rekna for å vere eit av dei viktigaste banda frå 1960-åra. The Byrds var pionerar innan sjangeren folkrock, og påverka slik The Beatles og andre band i den britiske bølgja med kontemporær og tradisjonell folkemusikk. Utover i 1960-åra vart bandet òg viktige innan utviklinga av psykedelisk rock, ragarock og countryrock. I tillegg har blandinga av den klåre vokalharmonien til bandet og den klirrande elektriske tolvstrengs Rickenbacker-gitaren til McGuinn hatt innverknad på popmusikk heilt fram til i dag. Av dei mest kjende songane til bandet finn ein coverversjonane av Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» og Pete Seeger sin «Turn! Turn! Turn!», i lag med dei sjølvskrivne «I'll Feel a Whole Lot Better», «Eight Miles High», «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», «Ballad of Easy Rider» og «Chestnut Mare».

Dei opphavlege fem medlemmene i The Byrds bestod av Jim McGuinn (sologitar, vokal), Gene Clark (tamburin, vokal), David Crosby (rytmegitar, vokal), Chris Hillman (bassgitar, vokal) og Michael Clarke (trommer). Denne utgåva av bandet var kortvarig og tidleg i 1966 forlet Clark bandet sidan han i aukande grad isolerte seg frå resten av bandet på grunn av angst. The Byrds heldt fram som ein kvartett fram til seint i 1967 då Crosby og Clarke òg forlet bandet. McGuinn og Hillman tok då inn nye medlemmer, inkludert countryrock-pioneren Gram Parsons, men seint i 1968 hadde både Hillman og Parsons slutta i bandet. McGuinn, som på denne tida hadde skifta namn til Roger etter å ha vorte involvert i religionen Subud, bygde så eit nytt band mellom 1968 og 1973. McGuinn kasta ut alle i bandet tidleg i 1973 og gjenforeinte den opphavlege kvintetten. Det siste albumet til The Byrds kom ut i mars 1973 med den gjenforeinte gruppa. Bandet vart oppløyst like etter.

Fleire tidlegare medlemmer i bandet har hatt suksessrike karriere på eiga hand, anten som soloartistar eller i andre band, slik som Crosby, Stills, Nash & Young eller The Desert Rose Band. Seint i 1980-åra byrja Gene Clark og Michael Clarke begge å turnere som The Byrds, og dette medførte søksmål frå McGuinn, Crosby og Hillman om retten til bandnamnet. Som følgje av dette frmaførte McGuinn, Crosby og Hillman fleire konsertar som The Byrds mellom 1988 og 1990, samt at dei spelte inn fire nye Byrds-songar. Den 16. januar 1991 vart The Byrds innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og det originale bandet spelte i lag for siste gong. McGuinn, Crosby og Hillman er framleis aktive, medan Gene Clark døydde av hjarteattakk i 1991 og Michael Clarke døydde av leverinsuffisiens i 1993.

Historie Starten (1964) mini|The Byrds i 1965 Kjernen i The Byrds vart skipa tidleg i 1964 då Jim McGuinn, Gene Clark og David Crosby kom i lag som ein trio. Dei tre musikarane hadde alle røter i folkemusikk, og kvar av dei hadde arbeidd som visesongarar i den akustiske kaferørsla tidleg i 1960-åra. I tillegg hadde dei alle spelt i forskjellige college-band: McGuinn med The Limeliters og Chad Mitchell Trio, Clark med The New Christy Minstrels og Crosby med Les Baxter's Balladeers. McGuinn hadde òg arbeidd som profesjonell låtskrivar i Brill Building i New York City som lærling under Bobby Darin. Tidleg i 1964 hadde han vorte begeistra for The Beatles og starta å spele akustiske versjonar av songane deira i tillegg til det vanlege folkeviserepertoaret sitt. Då han spelte på viseklubben The Troubadour i Los Angeles møtte han Gene Clark, som òg var stor Beatles-fan, og dei danna ein Peter and Gordon-liknande duo, som spelte coverversjonar av Beatles, Beatles-liknande utgåver av tradisjonelle viser og nokre eigne songar. Like etter møtte dei David Crosby på The Troubadour då han byrja å synge harmonivokal på nokre av songane deira. Dei vart så imponert av måten stemmene deira blanda seg på at dei danna ein trio og kalla seg The Jet Set.

Crosby introduserte McGuinn og Clark for kjenningen Jim Dickson, som hadde tilgang til World Pacific Studios, der han hadde spelt inn demoane til Crosby. Dickson tok raskt på seg rolla som manager for bandet og nytta World Pacific til å spele inn musikken til trioen. Det var under øvingane på World Pacific at folkrock-stilen med å blande sine eigne Beatles-påverka songar med kontemporære visesongar starta. I starten kom denne blandinga frå folkemusikkrøtene til bandet og ønsket deira om å kopiere The Beatles, men etter kvart som øvingane heldt fram byrja bandet å prøve å skape ei bru mellom folkemusikken og rocken.

Trommeslagar Michael Clarke vart med i The Jet Set i midten av 1964. Clarke vart hovudsakleg teken inn i bandet på grunn av at han såg bra ut og hadde ein Brian Jones-aktig frisyre, og ikkje så mykje på grunn av den musikalske erfaringa si. Clarke eigde ikkje ein gong sitt eige trommsett og måtte i starten spele på pappboksar og ein tamburin. Etter kvart som bandet heldt fram å øve, fekk Dickson i stand ein enkelavtale om ei singelutgjeving på Elektra Records. Singelen inneheldt dei originale «Please Let Me Love You» og «Don't Be Long» med McGuinn, Clark og Crosby, samt studiomusikarane Ray Pohlman på bass og Earl Palmer på trommer. I eit forsøk på å tene pengar på den britiske bølgja som dominerte dei amerikanske hitlistene på denne tida, endra bandet namn til det meir britiskaktige The Beefeaters. «Please Let Me Love You» vart gjeven ut på Elektra Records den 7. oktober 1964, men nådde ikkje listene.

I august 1964 fekk Dickson tak i ei acetatskive av Bob Dylan-songen «Mr. Tambourine Man», som då ikkje var gjeven ut enno. Han følte at dette kunne vere ein bra song for The Jet Set. Sjølv om bandet i starten ikkje likte songen, starta dei å øve inn songen med eit rockearrangement, og endra tempobetegnelsen frå 2/4 til 4/4. Like etter, inspirert av The Beatles-filmen A Hard Day's Night, valde bandet å skaffe seg liknande instrument som heltane sine: ein Rickenbacker tolvstrengsgitar for McGuinn, ein Gretsch Tennessean for Clark (sjølv om Crosby tok over denne like etter) og Ludwig-trommer for Clarke. I oktober 1964 henta Dickson mandolinspelaren Chris Hillman som bassisten i The Jet Set. Bakgrunnen til Hillman var meir retta mot country enn folk og rock, og hadde vore medlemm i bluegrassgruppene Scottsville Squirrel Barkers, Golden State Boys (òg kjend som The Hillmen) og samstundes med at han vart tilsett i The Jet Set, The Green Grass Group. Gjennom kjennskapen Dickson hadde med impresarioen Benny Shapiro og jazztrompetisten Miles Davis, fekk bandet platekontrakt med Columbia Records den 10. november 1964. To veker seinare, under thanksgiving 1964, endra bandet namnet til The Byrds.

Folkrock (1965–1966) Den 20. januar 1965 gjekk The Byrds inn i Columbia Studios i Hollywood for å spele inn «Mr. Tambourine Man», som så skulle ut som debutsingelen deira for Columbia. Sidan bandet enno ikkje hadde vorte gode nok musikalsk, var McGuinn den einaste i bandet som spelte på «Mr. Tambourine Man» og Gene Clark-songen «I Knew I'd Want You». I staden for å bruke bandmedlemmene brukte produsent Terry Melcher i staden for dei innleigde The Wrecking Crew, ei gruppe studiomusikarar som bestod av Hal Blaine, Larry Knechtel, Jerry Cole og Leon Russell, som (i lag med McGuinn på gitar) akkompagnerte songen til McGuinn, Crosby og Clark. Då det var tid for å starte innspelinga av debutalbumet deira i mars 1965, var derimot Melcher sikker på at bandet var flinke nok til å spele inn musikken sin sjølve. Sidan dei hadde nytta musikarar utanfrå på debutsingelen, førte dette til at mange trudde dei heller ikkje spelte på debutalbumet.

Medan bandet venta på at «Mr. Tambourine Man» skulle kome ut, slo dei seg ned ved nattklubben Ciro's Le Disc på Sunset Strip i Hollywood. Dei spelte fast her i mars og april 1965. Her finslipte dei spelinga si, lærte å te seg på scenen og utvida repertoaret sitt. Det var i denne tida dei byrja å få tilhengjarar i ungdomskulturen i Los Angeles og dei hippe menneska i Hollywood med folk som Kim Fowley, Peter Fonda, Arthur Lee og Sonny & Cher. Den 26. mars 1965 vitja Bob Dylan klubben og vart med The Byrds på scenen for ei utgåve av Jimmy Reed sin «Baby What You Want Me to Do». The Byrds fekk raskt eit rykte på Ciro's og stadig fleire tenåringar byrja å fylle fortauet utanfor klubben, desperat etter å kome seg inn å sjå bandet spele. Fleire kjende musikkhistorikarar og forfattarar, som Richie Unterberger, Domenic Priore og Peter Buckley, har foreslått at denne ungdomsgruppa som samla seg utanfor Ciro's for å sjå The Byrds var starten på hippierørsla på Vestkysten.

Columbia Records gav omsider ut «Mr. Tambourine Man» på singel den 12. april 1965. Denne fulle, elektriske rockehandsaminga The Byrds og Terry Melcher hadde gjeve songen fungerte som ein mal for sjangeren folkrock. Den melodiske, klirrande tolvstrengsgitaren til McGuinn, som vart kraftig komprimert for å skape den særs lyse, hengande tonen, starta umiddelbart og påverka andre musikarar og gjer det framleis i dag. Singelen synte òg ein annan særs karakteristisk del av stilen til bandet med dei komplekse vokalharmoniane, som vanlegvis var McGuinn og Clark i samklang med Crosby på høg harmoni. I tillegg tok den abstrakte songteksten låtskrivinga i rock og pop til nye høgder. Aldri før hadde eit slik intellektuelt og litterært ordspel vorte kombinert med rockemusikk.

I løpet av tre månader hadde «Mr. Tambourine Man» vorte den første folkrockhitten, og nådde førsteplassen i både USA og i Storbritannia. Den store suksessen til singelen førte til eit stort oppsving for folkrock i 1965 og 1966 då fleire Byrds-aktige band overfløymde dei amerikanske og britiske hitlistene. Albumet Mr. Tambourine Man kom ut 21. juni 1965, og nådde sjetteplass i USA og sjuandeplass i Storbritannia. Albuma var ei blanding av omarbeidde folkesongar, som Pete Seeger si tilpassing av Idris Davies-diktet «The Bells of Rhymney» med fleire Dylan-innspelingar og bandet sine eigne songar. Dei fleste av desse songane vart skrivne av Gene Clark. Særleg har Clark sin «I'll Feel a Whole Lot Better» vorte ein av rockestandardane, og mange kritikarar reknar songen som både ein av bandet og ein av Clark sine beste. Mr. Tambourine Man-albumet, som singelen med same namn, var viktig i populariseringa av folkrocken og gjorde bandet til eit internasjonalt kjend band. Dei vart det første amerikanske bandet som utfordra dominansen til The Beatles og den britiske bølgja.

Den neste singelen til The Byrds var «All I Really Want To Do», ei anna tolking av ein Dylan-song. Han kom ut 14. juni 1965, medan «Mr. Tambourine Man» framleis klatra på dei amerikanske listene. Singelen vart gjeven ut i hastverk fordi Columbia Records prøvde å slå Cher si utgåve av den same songen, som kom ut samstundes på Imperial Records. Begge singlane gjekk inn på lista, men The Byrds si utgåve stoppa på 40. plass, medan Cher si utgåve gjekk til 15. plass. Det motsette skjedde i Storbritannia der The Byrds-utgåva nådde 4. plass og Cher nådde 9. plass.