Ole Thorenius Eidem () var ein norsk offiser, forfattar og stortingsmann frå Kristiansund.

Eidem var son av ein kjøpmann i Kristiansund. Han studerte artilleri i Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike og England, på seinare utanlandsreiser studerte han bruken av elektrisitet og torpedo. I 1890 vart han premierløytnant og gjekk dei neste tre åra på den militære høgskulen. 1894-97 var han sjef for Oscarsborgs mineforsvar. Utnemnd til kaptein 1897 og var nokre år lærar ved sjøkrigsskulen. Frå 1901 var han minedirektør. Frå 1907 med rang av kommandørkaptein. Han var formann i marinen sin minekommisjon og medlem av regulerings- og verftskommisjonen. Perioden 1902-10 var han redaktør av marinen sitt tidsskrift, og han var medforfattar av Vor sjømagts historie.

Eidem hadde sete på Stortinget i to periodar. 1906-09 representerte han Jarlsberg krins, og 1910-12 Horten krins. Begge krinsane var einmannskrinsar, likt alle valkrinsar til Stortinget den gongen. Han vart fyrste gongen vald for koalisjonen Samlingspartiet, siste gongen for Høgre. I den siste perioden møtte han einast 1910-sesjonen. Han var heile si stortingstid medlem av militærkomiteen, sekretær i 1910. I 1910 også medlem av Lagtinget.

Han døydde i 1911 i Horten, der han budde størstedelen av sitt vaksne liv.

Eidembreen på Spitsbergen er kalla opp etter han.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Folk frå Kristiansund