Luca Antonelli () er ein italiensk fotballspelar som spelar i forsvar for Genoa i italiensk Serie A. Han har òg landskampar for Italia.

Antonelli spelte for ungdomslaget til Milan og debuterte i Serie A for Milan 23. desember 2006, men han fekk ikkje fleire seriekampar for Milan. Han var på lån hjå Bari i Serie B haustsesongen 2007. Vårsesongen 2008 var han på lån hjå Parma. Parma overtok halve kontrakten hans sommaren 2008, og den andre halvparten sommaren året etter. Tidleg i januar 2011 gjekk han til Genoa. Antonelli debuterte for Italia sitt A-landslag 3. september 2010 i ein EM-kvalifiseringskamp borte mot Estland.

Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Bari-spelarar Kategori:Parma-spelarar Kategori:Genoa-spelarar