The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack er ei samleplate av sjeldne og tidlegare ikkje offisielt utgjevne songar av Bob Dylan. Det var den femte utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series og kom ut i 2005 i samband med fjernsynsdokumentaren til Martin Scorsese om Dylan, kalla No Direction Home. Albumet vart sett saman med hjelp av Scorsese og inneheld stort sett opptak som ikkje var gjevne ut før frå tida før Dylan slo gjennom i 1959 til den legendariske verdsturneen hans i 1966.
The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack selde forholdsvis bra og nådde 16. plassen på Billboard 200 i USA, der det selde til gullplate. Det låg 11 veker på lista. Albumet nådde 21. plassen i Storbritannia og 11. plassen i Noreg.
Førebuing av The Bootleg Series Vol. 7 Prosjektet som etter kvart fekk tittelen No Direction Home byrja å ta form i 1995 då manageren til Dylan, Jeff Rosen, byrja å avtale intervju med vener av Dylan og tilknytte personar. Blant dei som vart intervjua var diktaren Allen Ginsberg og visesongaren Dave Van Ronk, som begge var døde før filmen var ferdig. Den gamle kjærasten til Dylan, Suze Rotolo, gav òg eit sjeldan intervju, og ho fortalte seinare til Rolling Stone at ho var særs nøgd med resultatet av prosjektet. Dylan sjølv sat ti timar i ein avslappa og open samtale med Rosen i 2000.
I følgje Rolling Stone hevda ei ukjend kjelde tett på prosjektet at Dylan sjølv ikkje var involvert i prosjektet utanom intervjuet og sa at «Dylan har ikkje noko interesse i dette … Bob ser seg verkeleg ikkje bakover.» Arbeidet på den første utgåva av sjølvbiografien til Dylan, Chronicles, Vol. 1, overlappa med produksjonen av prosjektet, men det er uklart kor mykje påverknad Chronicles hadde på No Direction Home.
Sjølv om det vart samla råmateriale for prosjektet, trengde Rosen nokon til å redigere og forme det til ein kvalitetsfilm, og filmskaparen Martin Scorsese fekk rolla med å «regissere» prosjektet og kom omboard i 2001.
I mellomtida hadde kontoret til Dylan samla hundrevis av historiske filmklipp daterte frå tida som No Direction Home dekte. Dette omfatta eit slite opptak av high shool-bandet til Dylan, prøvefilminga hans for Andy Warhol i 1965 og eit nyoppdaga opptak frå den kjende Manchester-konserten i England frå 17. mai 1966, då ein sint fan ropte ut «Judas!» før Dylan og The Hawks framførte «Like a Rolling Stone». Dette vart filma av D.A. Pennebaker på scenen. Eit opptak i fargar vart funnen i 2004 i ein haug vasskadd film frå kvelvet til Dylan.
Samstundes gjekk ein gjennom musikalske innspelingar frå arkiva til Dylan for eit tilhøyrande filmmusikkalbum. Albumet inkluderte konsertopptaka som vart nytta i filmen, som den første elektriske framføringa til Dylan, «Maggie's Farm», akkompagnert av Paul Butterfield Blues Band, på Newport Folk Festival i 1965. Produsenten Steve Berkowitz hjelpte til å skape den første fleirsporsmiksen av denne framføringa som til slutt hamna på albumet. Han sa «Det er rått, det er punkrock... det var ikkje noko som var overdubba, ingenting vart endra. Alt på albumet vart miksa og mastra for å høyrast ut slik det høyrdest ut den gongen.» Fleire av opptaka kunne ikkje miksast på nytt, inkludert ei utgåve frå 1966 av «Ballad of a Thin Man» som vart teken frå ei monoinnspeling, den einaste som nokon gong vart laga. Berkowitz sa «Det er heilt forvrengd, men eg elskar det. Snakk om vérité - det er heilt perfekt.» Trass i lovorda finst innspelinga i «falsk» stereo på samlinga.
Etter kvart som albumet vart sett saman, vart det til slutt vedteke å ta med songar som ikkje vart nytta i dokumentaren, mellom anna mange studioopptak som ikkje før var gjevne ut.
Innhald
Tre songar vart gjevne ut for digital nedlasting kalla Exclusive Outtakes from No Direction Home.
«Baby, Please Don't Go» (tradisjonell) – 1:56 The Freewheelin' Bob Dylan-innspelinga, 25. april 1962 «Mr. Tambourine Man» (Live) – 7:21 Newport Folk Festival i 1964 «Outlaw Blues» (akustisk versjon) – 2:15 Bringing It All Back Home-innspelinga 13. januar 1965
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack» frå , den 6. oktober 2010.
Kategori:Samlealbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:Samlealbum frå 2005