Live 1966: The «Royal Albert Hall» Concert er eit dobbelt konsertalbum av Bob Dylan, utgjeve i 1998. Det er den andre utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series på Legacy Records. Konserten vart spelt inn i Manchester Free Trade Hall under verdsturneen til Dylan i 1966, og derfor er hermeteikna kring Royal Albert Hall nytta, sidan konserten ikkje vart spelt inn der. Konserten var ofte å sjå på piratkopiplater i fleire tiårr og er eit viktig dokument i utviklinga populærmusikken i 1960-åra.
Setlista bestod av to delar. Under den første halvdelen av Dylan aleine på scenen og framførte songane med akustisk gitar og munnspel. På den andre halvdelen av konserten framførte Dylan eit «elektrisk» sett av songane sine i lag med bandet The Hawks. Den første halvdelen vart varmt teken i mot av publikum, medan den andre halvdelen vart sterkt kritisert, med folk som ropte ut stygge ting før og etter kvar song.
Historie Etter å ha turnert Nord-Amerika hausten 1965 til vinteren 1966, drog Dylan og The Hawks (seinare kalla The Band), ut på ein seks veker lang vårturné som byrja i Australia og gjekk vidare til Vest-Europa, Irland og Storbritannia, og enda opp i London. Dylan hadde byrja å spele elektrisk musikk og fjerna seg frå tradisjonelle viser, og dette var framleis kontroversielt, og det britiske publikummet var særleg misnøgd der enkelte av fansen meinte Dylan hadde «seld seg».
Den elektriske delen av konserten kom først ut seint i 1970 eller tidleg i 1971 på piratkopiplater med forskjellige titlar. Den 3. juni 1971 melde kritikaren Dave Marsh ei slik plate i magasinet Creem og skreiv at «Det er det mest ypparlege, elegante stykket rock 'n' roll-musikk eg nokon gong har høyrt. Den ekstreme subtiliteten til musikken er så tett samanveve med sin majestet at dei ser ut som ein og same.»
Den same månaden skriv skribenten Jon Landau ei anna melding av konserten:
Dei tidlege piratkopiplatene tilskrive innspelinga til ein av avslutningskonsertane til Dylan i Royal Albert Hall i London, som òg vart teken opp, i tillegg til ein konsert i Liverpool (14. mai), innspelt av produsenten til Dylan, Bob Johnston. Men det er godt dokumentert at Dylan sin no legendariske konfrontasjon med ein plagsam fyr som roper ut «Judas» frå publikum skjedde i Manchester den 17. mai 1966. Etter «Judas!» er det klapping og fleire rop frå publikum Dylan svarer så «Eg trur deg ikkje», og så «Du er ein løgnar.» Bob Dylan seier så til bandet «spel jævla høgt» før dei byrjar på «Like a Rolling Stone». Mot slutten, når publikum byrja å applaudere seier Dylan «tusen takk».
Etter fleire år med motstridande rapportar og spekulasjonar blant Dylan-ekspertane, vart Manchester-kjelda til slutt verifisert etter ein førebels miks av ei føreslått Columbia-utgåve vart piratkopiert i 1995 som Guitars Kissing & The Contemporary Fix. Dylan avviste denne utgåva og tre år seinare autoriserte han ei markant annleis utgåve for den andre «Bootleg Series»-utgjevinga . Ein song spelt inn på den verkelege Royal Albert Hall-konserten, var tidlegare gjeven ut. Det var utgåva frå 26. mai 1966 av «Visions of Johanna» i plateboksen Biograph. Utdrag frå andre konsertopptak frå Storbritannia i 1966 finst i Martin Scorsese sin fjernsynsdokumentar No Direction Home frå 2005. Filmopptak av «Judas»-hendinga vart oppdaga og nytta mot slutten av dokumentaren.
Mottaking og ettermæle Live 1966: The «Royal Albert Hall» Concert kom endeleg ut i 1998 og selde godt med god omtale frå kritikarane. Albumet nådde 19. plassen i Storbritannia og vart inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Fotografen Ross Halfin sa «For (Led Zeppelin-gitaristen) Jimmy Page er denne piratkopiplata framleis det ultimate albumet. Jimmy kjøper framleis eksemplar når han kjem over dei, sidan han likar det så godt.»
Albumet er rangert på 989. plassen på All-Time Top 1000 Albums (3. utgåve, 2000).
Innhald
Medverkande Bob Dylan — vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar, munnspel; piano på «Ballad of a Thin Man»
The Hawks
Rick Danko — bassgitar, korvokal Garth Hudson — orgel Mickey Jones — trommer
Richard Manuel — piano Robbie Robertson — elektrisk gitar
Teknisk personell Jeff Rosen — produsent Vic Anesini — lydteknikar Steven Berkowitz, Michael Brauer — miksing Greg Calbi — mastering Geoff Gans — kunstnarisk leiar Mark Wilder — redigering Tony Glover — tekst i omslaget
Fotografi Barry Feinstein, David Gahr Don Hunstein, Art Kane Mark Makin, Hank Parker Jan Persson, Jerry Schatzberg Sandy Speiser
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert» frå , den 4. oktober 2010.
Kategori:Konsertalbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:The Band-album Kategori:Konsertalbum frå 1998 Kategori:Album innspelte i Royal Albert Hall