Under the Red Sky er det 27. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records den 10. september 1990.

Albumet vart teken imot som ein rar og skuffande oppfølgjar til det kritikarroste Oh Mercy frå 1989. Det meste av kritikken var retta mot det glatte lydbiletet til popprodusenten Don Was, samt eit par av songar som verka å vere basert på barneregler. Fleire kjende musikarar speler på albumet, mellom andre Slash, Elton John, George Harrison, David Crosby, Stevie Ray Vaughan og Bruce Hornsby.

Albumet er dedisert til «Gabby Goo Goo», som Dylan seinare forklarte var kallenamnet på den då fire år gamle dottera hans. Ein trur derfor at dei meir barneliknande songane på albumet var laga for henne, noko Dylan verken har stadfesta eller nekta på.

Mottaking

Albumet selde ikkje spesielt bra og nådde 38. plassen i USA og 13. plassen i Storbritannia. I Noreg nådde albumet fjerdeplassen.

Dylan har sjølv sagt seg samd i kritikarane og sa i eit intervju med Rolling Stone i 2006 at manglane kom frå ei hastig og ufokusert innspeling, som dels kom av at han vart oppteken med Traveling Wilburys på den tida. Han meinte òg det var for mange folk som deltok på albumet, og at han på den tida var desillusjonert med plateindustrien.

Dylan-kritikaren Patrick Humphries, forfattar av The Complete Guide to the Music of Bob Dylan, var særleg hard i kritikken av Under the Red Sky og sa at albumet var «alt Oh Mercy ikkje var - slurvete skrivne songar, late framføringar og fantasilaust produsert. Det første mellomspelet på «2 X 2» («How much poison did they inhale?») minna om trugselen som gjennomsyra Oh Mercy, men elles, der det før hadde vore tryggleik og bestemtheit, var det her forvirring og ubestemtheit.»

Humphries spara det hardaste åtaket til opningssongen «Wiggle Wiggle»: «Så er det 'Wiggle Wiggle': verre enn noko Dylan nokon gong har spelt inn? Kanskje ikkje så gale, men likevel der oppe, der han pressar seg til ein plass ein stad i helvete, der jukeboksane ikkje spelar noko anna enn «Joey» (frå Desire) og «Had a Dream About You, Baby» (frå Down in the Groove). «Wiggle Wiggle» var den kritikarane gjekk til åtak på, særleg linja «Wiggle wiggle wiggle like a bowl of soup», som vart rekna som bevis på at Dylan hadde mista grepet, definitivt, permanent, ugjenkalleleg. Det er hardt å vere usamd - det er hardt å forsone seg med ei slik linje frå mannen som skreiv «Desolation Row» (frå Highway 61 Revisited). Ein kan sjølvsagt ikkje få Hamlet eller «Like a Rolling Stone» kvar gong, men «Wiggle Wiggle»?»

Albumet fekk noko støtte, særleg frå Robert Christgau frå The Village Voice som skreiv: «Til mi overrasking syns eg Under the Red Sky er det beste albumet til Dylan på 15 år, ei plate som til og med kan signalisere eit latterleg seint, men ikkje totalt meiningslaus comeback.» Og Paul Nelson som skreiv for Musician kalla albumet «eit medvite bruk-og-kast-meisterverk». Då Voice puliserte kritikarrlista si Pazz & Jop for 1990, hamna Under the Red Sky på 39. plassen.

I 2005 sette magasinet Q «Wiggle Wiggle» på ei liste over «Ti fryktelege songar av store artistar». Time Magazine sette «Wiggle Wiggle» på ei liste over dei ti verste Dylan-songane, og skreiv at «han høyrest ut som kjenningsmelodien til eit av desse TV-programma som vert elska av småbarn og dopmisbrukarar». Songen vart spelt i 2014 på hyllestalbumet Bob Dylan in the 80s: Volume One av Slash og Aaron Freeman.Widespread Panic, Marco Benevento, Slash, Tea Leaf Green, Deer Tick, Gene Ween, Craig Finn, Built to Spill and Members of My Morning Jacket Confirmed for 80s Dylan

Innhald

Medverkande Bob Dylan – akustisk og elektrisk gitar, piano, trekkspel, munnspel, vokal, produsent

Andre medverkande

Kenny Aronoff – trommer Sweet Pea Atkinson – korvokal Rayse Biggs – trompet Sir Harry Bowens – korvokal David Crosby – korvokal Paulinho Da Costa – perkusjon Robben Ford – gitar

George Harrison – slidegitar Bruce Hornsby – piano Randy «The Emperor» Jackson – bassgitar Elton John – piano Al Kooper – orgel, klaverinstrument David Lindley – bouzouki, gitar, slidegitar David McMurray – saksofon

Donald Ray Mitchell – korvokal Jamie Muhoberac – organ Jimmie Vaughan – gitar Stevie Ray Vaughan – gitar Waddy Wachtel – gitar David Was – korvokal, produksjon Don Was – bassgitar, produksjon

Produsjon

Dan Bosworth – assisterande lydteknikar Marsha Burns – produksjonkoordinator Ed Cherney – lydteknikar, miksing

Steve Deutsch – assisterande lydteknikar Judy Kirshner – assisterande lydteknikar

Jim Mitchell – assisterande lydteknikar Brett Swain – assisterande lydteknikar

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Under the Red Sky» frå , den 3. oktober 2010.

Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:Album produserte av Bob Dylan Kategori:Album produserte av David Was Kategori:Album produserte av Don Was Kategori:Bob Dylan-album Kategori:Columbia Records-album