350px|mini|Kart over Den fruktbare halvmånen tidleg i oldtida, her illustrert gjennom utbreiinga av skogdekke og dei viktigaste arkeologiske funnstadene som hadde busetjing før 7500 f.Kr. Den fruktbare halvmånen viser til eit halvbogeforma område i Midtausten der tidleg jordbruk og sivilisasjon utvikla seg, og viktige nyvinngar som skrift og hjulet kom til. Omgrepet blei skapt som The Fertile Crescent av den amerikanske arkeologen James Henry Breasted tidleg på 1900-talet.
mini|venstre|Utvida halvmåne med Egypt. mini|360px|Bystatar i halvmånen i det andre tusenåret f.Kr.
Området følgjer elvane Jordan, Eufrat og Tigris frå Levanten ved Middelhavet i vest til Mesopotamia og Persiabukta i aust. Det er avgrensa av det anatoliske høglandet i nord og Den syriske ørkenen i sør. I dag ligg statane Irak, Syria, Jordan, Libanon, Israel, Dei palestinske sjølvstyresmaktene og delar av Tyrkia og Iran i området. Ein kan også rekna Nildalen og Egypt med til området, ettersom også dette var fruktsamt og folkesett i oldtida, men jordbruk blei ikkje utvikla her.
Som ei landbru mellom Afrika og Eurasia med eit variert landskap og gunstig klima hadde området ein større biodiversitet enn landet rundt i steinalderen. Under kuldeperioden Yngre Dryas prøvde ein ut kultivering av rug i landsbyen Abu Hureyra i det nordlege Syria, medan kveite truleg først vart i Anatolia (Søraust-Tyrkia) og bygg i den sørvestre delen av Den fruktbare halvmånen – i Israel og Jordan, som i Jeriko. Dette fall saman med ei utrydding, noko som kan ha framskunda utvikling av jordbruk i større skala under den påfølgjande varmeperioden frå 9600 f.Kr.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «» frå , og «Fertile Crescent» frå den 19. september 2010.
Kategori:Arkeologi Kategori:Steinalderen Kategori:Landbrukshistorie Kategori:Middelhavshistorie Kategori:Historia til Midtausten Kategori:Mesopotamia Kategori:Israelsk historie Kategori:Jordansk historie Kategori:Palestinsk historie Kategori:Libanesisk historie Kategori:Syrisk historie Kategori:Tyrkisk historie Kategori:Irakisk historie Kategori:Iransk historie