Trond Helleland () er ein norsk politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Buskerud fylke sidan 1997, etter å ha vore vararepresentant sidan 1989. Helleland er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo, og har arbeidd som konsulent i Buskerud fylkeskommune. Han var medlem av Drammen bystyre frå 1995 til 1999, og av Buskerud fylkesting frå 1987 til 1995, dei fire siste åra også i fylkesutvalet.

Han var formann i Unge Høgre 1986–1988, leiar av Buskerud Høgre 1990–1998, og i kraft av dette, medlem av Høgres sentralstyre i periodane 1986–1988 og 1990-1998. Han har vore medlem av Kringkastingsrådet og ei rekkje andre offentlege utval.

Trond Helleland er gift med stortings- og partikollega Linda Cathrine Hofstad Helleland frå Sør-Trøndelag. Han er også nevø av tidlegare stortingsmann Hallgrim Berg og oldebarn til tidlegare stortingsmann Johannes Helleland.

Stortingskomitear 2009–2013 medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen 2005–2009 medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen 2005–2009 varamedlem i Valkomiteen 2001–2005 leder i Justiskomiteen 2001–2005 medlem i Valkomiteen 2001–2005 varamedlem i Den utvida utanrikskomiteen 1997–2001 medlem i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

Bakgrunnsstoff Trond Helleland hos Stortinget Trond Helleland hos Høgre

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Leiarar i Unge Høgre Kategori:Folk frå Drammen