Olav Kavli (fødd Ole Knutsen () var ein norsk forretningsmann, kjend for sin suksess med smelteost.Bondegutt skapte internasjonal suksess frå kavli.no

Kavli voks opp i små kår utanfor Molde, men reiste til Bergen i 1890 der han tok handelsbrev og etablerte eigen ostehandel i 1894. Han utvida i perioden fram til 1910 sine utanlandske handelskontakter i England, Sverige, Danmark og til USA etter ei handelsreise dit i 1910. Han starta meieri på Sandnes i 1914 og fekk gjennombrot med lanseringa av osten Primula i 1924, verdas første smelteost, basert på idear frå ei studiereise til Sveits, Serbia og Bulgaria. Ved å smelte saman det beste fra yoghurten og osten oppnådde han ein blaut ost med god haldbarheit.

Olav Kavli sin son Knut (1896-1965) vart medeigar i 1924 i Kavli og fekk ansvaret for drifta i Noreg. Olav reiste mykje og utvikla agenturar i USA, Hellas, India og Afrika. Verdas første tube-ost vart lansert i 1929 og tilpassa dei enkelte land og deira marknader. Før den andre verdskrig vart det eksportert til over femti land. Produksjonen i Danmark starta i 1935. Etter hans død i 1958 vart aksjane overført til «O. Kavli og Knut Kavlis Almennyttige Fond» i 1962, det såkalla «Kavlifondet». Kavlifondet er framleis eigar av Kavli og etter kvart òg av Q-meieriene.

Utmerkingar Kongens fortenestmedalje i gull (1933) St. Olavs Orden (1952)

Utgjevingar Med ost i kofferten (John Griegs forlag, 1946). Om tre handelsreiser til USA (1910, 1922 og 1927).

Referansar

Kategori:Norske industrigrunnleggjarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Meséner Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Molde Kategori:Fødde i 1872 Kategori:Døde i 1958