Svein Roald Hansen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har sete på Stortinget for Østfold fylke sidan 2001.
Hansen starta sin politiske karriere som politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland i 1993. Han vart vald inn på Stortinget frå Østfold i 2001 og vald på nytt i 2005 og 2009. Frå 2003 har han også vore leiar for Europarørsla. Hansen var ordførar i Fredrikstad i perioden 1995–1999. Han kom inn i kommunestyret i Borge i 1983, og heldt fram i Fredrikstad ved kommunesamanslåinga i 1994 og vart vald på nytt seinast i 2007.
Hansen har studert historie og statsvitskap og arbeidde som journalist, i NTB frå 1971 til 1974, deretter Oppland Arbeiderblad til 1978. Deretter var han redaksjonssjef i Demokraten frå 1978 til 1982 og så redaksjonssekretær i Oslo-redaksjonen til A-pressen fram til 1983.
Frå 1983 var han politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland på Stortinget, ein posisjon han seinare også hadde ved statsministerens kontor.
I perioden 1990–92 var Hansen redaktør i Sarpsborg Arbeiderblad, og frå 1999 til 2001 var han direktør for informasjon og samfunnskontakt i Hafslund ASA.
Regjering 1. januar 1986–1. januar 1989: politisk rådgivar ved statsministerens kontor 10. januar 1992–4. august 1995: statssekretær ved statsministerens kontor
Stortingskomitear 2001–2005: medlem i finanskomiteen 2005–2009: andre nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen 2009–: første nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Ordførarar i Fredrikstad Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021