Jorodd Asphjell () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har sete på Stortinget for Sør-Trøndelag sidan 2005. Asphjell var varaordførar i Orkdal kommune frå 1999 til 2003, og har sete åtte år i kommunestyret i Orkdal. Han har også sete tolv år i Sør-Trøndelag fylkesting og fylkesutvalet frå 1987 til 1999.

Jorodd Asphjell voks opp på Fannrem i Orkdal. Han har vore engasjert i frivillig arbeid i Orkdal idrettslag med leiarverv frå 1989 til 2004, og har vore nestleiar i Sør-Trøndelag Skikrets. Adresseavisen kåra han i juni 2008 til den mest innverknadsrike i trøndersk idrett. Han vart æresmedlem i Orkdal IL i 2003.

Asphjell er utdanna typograf og arbeidde i trykkeri 1977–1994, som sjølvstendig næringsdrivande 1994–1997, og som fylkessekretær i Arbeidarpartiet 1997–2005.

Stortingskomitear 2005–: medlem i Helse- og omsorgskomiteen 2005–2009: varamedlem i Valkomiteen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Lokalpolitikarar i Orkdal Kategori:Ap-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Folk frå Orkdal