Linda Cathrine Hofstad Helleland () er ein norsk politikar frå Høgre. Ho var barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister i regjeringa Solberg frå 17. januar 2018 til 22. januar 2019. Ho var kulturminister i same regjering frå 16. desember 2015 til 17. januar 2018. Frå 24. januar 2020 vart ho distrikts- og digitaliseringsminister.

Ho var 1. vararepresentant til Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke frå 2001 til 2009, og møtte fast for Børge Brende frå 2001 til 2005 mens han sat i regjering. Helleland møtte igjen fast etter at Brende i 2008 vart samtykka i permisjon for å arbeide som direktør i Verdas økonomiske forum. I 2009 vart ho vald inn på Stortinget på eige mandat.

Helleland har examen artium frå 1997, og studerte ved NTNU frå 1998 til 2000. Ho arbeidde som sekretær i Sør-Trøndelag Høgre frå 1997 til 1998. I yrkeslivet har ho erfaring som servitør og deretter pleieassistent, inntil ho vart vald inn på Stortinget. Helleland var medlem av Trondheim bystyre frå 1999 til 2001, og leiar av Høgres kvinneforum frå 2004 til 2010.

Ho er gift med stortingsrepresentant Trond Helleland frå Buskerud.

Stortingskomitear 2009–2013 medlem i Familie- og kulturkomiteen 2008–2009 medlem i Finanskomiteen 2001–2005 medlem i Justiskomiteen

Kjelder

Kategori:Norske barne- og familieministrar Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Høgrepolitikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Elevar ved NTNU Kategori:Folk frå Klæbu