Christina Nilsson Ramsøy () er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho har vore 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2009, og møtte fast for Lars Peder Brekk frå 1. oktober 2009.

Ramsøy var leiar i Steinkjer Senterungdom 2002–2004, og leiar i Nord-Trøndelag Senterungdom 2003–2007. I tillegg var ho medlem av sentralstyret til Senterungdommen 2006–2007, og leiar der 2007–2009. Ramsøy vart vald til leiar ved ei kampavstemming mot Tone Ravnås frå Rogaland.

Ramsøy var medlem av Steinkjer kommunestyre 2007–2008 og medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho gjekk allmennfagleg linje ved Steinkjer VGS 2002–2005, studerte politisk økonomi ved NTNU 2005–2006, og studerte PR og kommunikasjon ved BI Trondheim 2006–2007.

Stortingskomitear 2009–2013 - medlem i Familie- og kulturkomiteen

Referansar

Bakgrunnsstoff Christina Ramsøy hos Stortinget Bloggen til Christina Ramsøy

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Folk frå Steinkjer Kategori:Leiarar i Senterungdomen