William «Strata» Smith () var ein engelsk geolog og ingeniør og skapte det første skikkelege geologiske kartet over England i 1815. Han er kjend som «faren til den engelske geologien».

Under bygginga av ein kanal i England i 1798 fann han ut at dei forskjellige laga i sedimentære bergartar frå juratida hadde sine karakteristiske fossil (leiefossil). Ved hjelp av desse leiefossila kunne ein avgjere den relative alderen til laga. På denne måten grunnla han stratigrafien, som dei neste 20-30 åra fekk ei rivande utvikling.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «William Smith (geologist)» frå , den 11. september 2010.

Kategori:Engelske geologar Kategori:Engelske ingeniørar